100% fast stilling som saksbehandlar på tildelingskontoret
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 2120, 2940 Heggenes, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
100% fast stilling som saksbehandlar på tildelingskontoret
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Tildelings- og bustadkontoret er ein sentral premissleverandør for tenesteproduksjonen i Øystre Slidre kommune. Vi arbeider ut frå målet om at den einskilde skal få bu og leve så sjølvstendig som mogleg i eigen bustad. Kontoret har ansvar for å vurdere søknader etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, pasient- og brukerrettighetsloven, bustøttelova, lov om kommunen sitt ansvar på det boligsosiale feltet, og forskrift om lån frå Husbanken.
Kommunen har ei tydeleg satsing på førebygging, eigenmeistring, velferdsteknologi og tverrfagleg samarbeid. Tildelings- og bustadkontoret er saksbehandlingseining for alle helse- og omsorgstenester. Vi har ansvar for forvaltning av kommunen sine utleigebustader og skal bidra til at innbyggjarar som ikkje klarer det fjølv får hjelp til å skaffe eller behalde bustad. Tenesta er tverrfagleg samansett med kompetanse innan helse, omsorg, økonomi og sosialt arbeid – og vi har eigen vaktmeister. Leiar for tenesta er òg leiar for koordinerande eining og som ein del av kommunen si satsing på barn og unge har vi ein eigen barnekoordinator i teamet.
Vi er eit engasjert team som no ønskjer oss ein ny medarbeidar på laget. Hos oss vil du bli ein viktig del av eit tverrfagleg team, der vi gjennom eigne bidrag og respekt for kvarandre sin kompetanse spelar kvarandre gode og bidreg til ei berekraftig forvaltning av kommunen sine ressursar. Som medarbeidar vil du ha ei sentral rolle i å kartleggje, vurdere og behandle søknader, og bruke fagkunnskapen din til å fatte vedtak. Du vil vere med på å leggje til rette for at den enkelte og familiar skal få moglegheit til å meistre kvardagen sin, trass sjukdom, funksjonsnedsetjingar, økonomiske eller sosiale utfordringar.
Tildelings- og bustadkontoret held til på Øystre Slidre helsetun. Helsetunet stod klart i 2021 og er eit
av landets mest moderne bygg for helse- og omsorgstenester. Kommunen har over tid levert gode resultat innan pleie og omsorg, og var i fjor rangert som nummer 17 i landet på Kommunebarometeret. Vi er òg peika ut som spydspiss innan «Bustad for velferd» i Innlandet.
Arbeidsoppgåver
- Kartleggje og saksbehandle søknadar, hovudsakleg etter helse- og omsorgstenestelova og pasient- og brukarrettslova
- Gjennomføre kartleggingsbesøk og kartleggingsamtaler
- Fatting av vedtak og bestilling av tenester
- Følgje opp og koordinere tenester for pasientar som er innlagde eller utskrivingsklare fra sjukehus
- Behandle klagesaker
- Delta i samarbeidsmøte og gi veiledning internt og eksternt
- Bidra til likebehandling og effektiv ressursbruk gjennom fagleg god saksbehandling
- Vere med på å utvikle kommunen og tenestene i tråd med nasjonale føringar og lokale vedtak
Kontoret er i stadig utvikling og har dei siste åra fått fleire nye oppgåver. Vi tilpassar og organiserer ressursane i tråd med utviklinga og behova i tenestene så endringa av oppgaver og innhald i stillinga kan bli aktuelt.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på bachelornivå, fortrinnsvis innan helse- eller sosialfag. Andre med relevant utdanning og erfaring kan òg bli vurderte
- Erfaring frå saksbehandling innan helse- og omsorgstenester og kjennskap til offentleg forvaltning er ønskeleg
- Relevant vidareutdanning er ønskeleg
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode datakunnskapar, gjerne kjennskap til dokumentasjonssystemet Profil
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit og ser etter deg som:
- Har gode samarbeidsevner og ser løysingar framfor hindringar
- Ser ressursar i menneske, ikkje berre avgrensingar
- Tek gode faglege beslutnngar i samarbeid med andre
- Kommuniserer tydeleg og tillitvekkjande til brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar
- Er trygg i eigen kompetanse og evner å fatte vedtak
- Har høg arbeidskapasitet og handterer mange oppgåver samtidig
- Er lojal mot vedtak, retningslinjer og regelverk
Vi tilbyr
- Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø
- Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- Moglegheit for fleksibilitet og heimekontor
- Stor grad av tillit, ansvar og mulighet til fagleg utvikling
- Opplæring og veiledning ved behov
Kontaktinformasjon
Mari Nysveen, Tenesteleiar Tildelings- og bustadkontoret, +47 91629270, Mari.Nysveen@oystre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Bygdinvegen 21202940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4913822365
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.06.2025
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
99ed713b-bb09-447a-9345-bb79bbdedaea
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4c255336d0e74b73953f758aa7d6006c