On-site teknikar
Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT
Ibsens gate 104, 5052 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
On-site teknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 1. august
Vi søkjer etter ein teknikar til drifta i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Drift, vedlikehald og leveranse av IKT-sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, nettbrett, betalingsterminalar, sjølvbeteningsautomatar m.m.
- Følgje opp reparasjonar og garanti mot leverandørar.
- På staden kundeoppfølging og kundemottak.
- Deltaking i prosjekt.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå reparasjon, feilsøking og montering av sluttbrukarutstyr.
- Kunnskap og erfaring i feilsøking på Windows-operativsystem.
- Erfaring med kundebehandling.
- Erfaring frå stordriftsmiljø er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Fagbrev innanfor relevante fag er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Førarkort klasse B.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
Vi legger stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- er serviceinnstilt og klar til å hjelpe brukarane på sjukehusa
- jobbar godt i team men også sjølvstendig
- er positiv og initiativrik
- er open og svolten på ny kunnskap og teknologi
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tord Hovland, Seksjonsleiar, +47 95747385Arbeidsstad
Ibsens gate 1045052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4986262252
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Tord Hovland
Seksjonsleiar
+47 95747385
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
99d92a99-43e2-4c77-ba29-5d733b152b3a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5dc34bf4d4124ff291949192c34a863c