Ferievikarar i kommunale barnehagar 2023
Oppvekst, Gloppen kommune
6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar i kommunale barnehagar 2023
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Antall stillinger
7
Gloppen kommune søkjer etter ferievikarar i dei kommunale barnehagane sommaren 2023. Det er behov for vikarar som kan jobbe veke 27, 28 og 32. Enkelte av barnehagane kan ha behov for hjelp utover desse datoane.
Skriv i søknaden kva barnehage du ønskjer å arbeide i (i prioritert rekkefølgje), og kva dato du kan ta til i jobben.
Anette Støyva, Barnehagestyrar Breim barnehage, 468 73 568
Anne Kristin Risøy Eimhjellen, Rektor Hyen skule og barnehage, 924 07 655
Referansenr.: 4609037972
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 28.02.2023
Skriv i søknaden kva barnehage du ønskjer å arbeide i (i prioritert rekkefølgje), og kva dato du kan ta til i jobben.
Kvalifikasjonar
Det er positivt om du har jobba med barn eller i barnehage tidlegare. I arbeid med barn i barnehage må du bruke språket aktivt og sette ord på det du ser og gjer saman med barna. Du må vere aktivt deltakande i leik og aktivitet. I arbeidet er det viktig at du som vaksen inviterer barn inn i aktivitet. Du må sette grenser og legge til rette for at barn opplever meistring ved å prøve å klare sjølv. Du må elles arbeide etter dei rutiner som gjeld på den aktuelle avdeling.
Personlege eigenskapar
- Du er over 18 år.
- Du er punktleg, fleksibel og kan ta ansvar og initiativ.
- Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
- Du har gode norsskunnskapar og likar å vere i aktivitet med barn i alderen 0 - 6 år.
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Else Lundestad Bakkelid, Barnehagestyrar Mona barnehage, 970 95 123Anette Støyva, Barnehagestyrar Breim barnehage, 468 73 568
Anne Kristin Risøy Eimhjellen, Rektor Hyen skule og barnehage, 924 07 655
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4609037972
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 28.02.2023
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har god barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.

Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2231353
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fa4472eea93a4133bb1e897160a60b8c