Prosjektleiar
Årdal kommune Tekniske tenester
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Årdal kommune er i startgropa av bygging av nytt omsorgssenter.
I tillegg skal kommunen i åra som kjem gjennomføre andre fleire større spennande byggeprosjekt, som kan vere aktuelle i høve stillinga.
I den samanheng søkjer me etter erfaren og driftig prosjektleiar.
I hovudsak er abeidsoppgåvene:
- å vera kommunen sin prosjektleiar og ivareta byggherrerolla i større byggeprosjekt
- økonomioppfølging og rapportering, dokumentasjon og ansvar for naudsynte søknadsprosessar
- innkjøp og gjennomføring av offentlege anskaffelsar
- å førebu saker til politisk handsaming
- ansvar for oppfølging og søknadar på statlege tilskotsordningar
Kvalifikasjonskrav
- ingeniør, men søkjarar med anna relevant kompetanse kan og vera aktuelt
- erfaring frå prosjektleiing frå større prosjekt innan bygg- og anleggsbransjen
- kjennskap til lov om offentleg anskaffelse og offentleg forvaltning
- god digital kompetanse til å nytta kommunen sine IKT løysingar
- forstå mekanismane i komplekse og tverrfaglege byggeprosjekt
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein person som er:
- målretta, strukturert og løysingsorientert
- har gode samarbeidsevner og evne til å jobba sjølvstendig og grundig
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- serviceinnstilt, positiv og initiativrik
Administrasjonsspråket er nynorsk
Søkjar må ha førarkort og disponere eigen bil.
Løn og tilsetjingsvilkår
Løn etter avtale utifrå kvalifikasjonar.
Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.
Det er seks månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2291152
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3138455_226807_nn