Stamnes oppveksttun søkjer lærarar
Vaksdal kommune
Eidslandsvegen 850, 5727 Stamnes, Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar ved Stamnes oppveksttun
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. juni
Vil du ha tid til å kome tett på elevane og skape inspirerande opplæring?
På Stamnes oppveksttun får du unike moglegheiter! Her har du store undervisningsrom, nærleik til naturen, små elevgrupper og ei støttande bygd som heiar på skulen sin. Dette er staden der du kan realisere alle dei pedagogiske ideane du har drøymt om.
Grunna interne endringar har vi no ledig fleire lærarstillingar som utgjer tilsaman 140 % stilling. Stillinga kan delast opp om du ynskjer oppauke, eller å kombinere stillinga med anna arbeid. Fordeling av stillingsprosent blir del av rekrutteringsprosessen. Det kan vere aktuelt med kontaktlærarfunksjon.
Kven er vi?
Oppveksttunet har 17 elevar frå 3. til 7. trinn.
Undervisninga skjer både i samla gruppe og i mindre grupper:
- 3.–4. trinn (9 elevar)
- 5.–7. trinn (8 elevar)
I tillegg har oppveksttunet barnehage og SFO og fungerer som ein viktig samlingsplass i bygda.
Er dette noko for deg?
Ta kontakt med oss – vi fortel deg gjerne meir!
Arbeidsstad
Stamnes oppveksttun
Eidslandsvegen 850, 5727 Stamnes
Krav til kompetanse
- Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar)
- God digital kompetanse
- Søkjarar som har undervisningskompetanse i fleire av følgjande fag vil bli føretrekt; matematikk, norsk og engelsk. For å undervise i faga norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet må ein ha 30 studiepoeng som er relevant for det aktuelle faget
- Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte
Langsiktige satsingar i Vaksdal kommune
- I oppvekst og kultur har vi langsiktige satsingar som
- Felles leseplan i samarbeid med PPT.
- Inkluderande barnehagemiljø, PALS og MOT.
- Digital læringsleiing.
- Kvalitet i SFO.
- Skule og barnehage deltek i felles kompetanseheving i arbeidet mot vald og overgrep i samband med kommunen si satsing i oppvekstreformen.
- Vi har lange tradisjonar for å nytte nærmiljøet vårt aktivt i læringa og fleire av skulane satsar på fysisk aktiv læring (FAL) i eit inkluderande perspektiv.
Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som
- er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar
- set eleven sitt beste i sentrum
- vektlegg tilpassa opplæring
- har god læreplanforståing og vurderingspraksis
- har gode samarbeidsevner
- er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
- har godt humør
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn til å søkja.
Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
- Spanande og utfordrande stillingar
- Gode og kvalifiserte fagmiljø
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Elektronisk søknad. Klikk på "Søk stillinga" og følg vidare instruksjonar.
Kontaktpersonar
Lars Sveinung Lid, leiar Stamnes oppveksttun
Mobil: 901 54 192, lars.sveinung.lid@vaksdal.kommune.no
Jill Bru Johansen, kommunalsjef oppvekst og kultur
Mobil: 453 76 534, jill.johansen@vaksdal.kommune.no
Om bedriften
Vaksdal kommune - framtidsretta og innovativ
Vaksdal kommune har framtida i fokus og tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere.
Våre tilsette bidreg kvar dag til å gjere kommunen til ein god stad å leve, bu og arbeide i.
Me satsar på innovasjon og er langt framme innan digitalisering.
Vaksdal kommune ligg sentralt mellom Voss og Bergen, med enkel tilgang via tog og bil.
Mangfald i arbeidslivet
Vaksdal kommune ønskjer at arbeidsstaben skal spegle mangfaldet i befolkninga.
Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, eventuelle hol i CV-en eller funksjonsevne. Nokre stillingar har spesifikke helse- og fysiske krav. I samsvar med offentlegheitslova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjarar bli offentlege, sjølv om søkjaren har bede om å vere anonym på søkjarlista.
Me nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Dersom du har teke høgare utdanning utanfor Noreg, må den vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Dokumentasjon på godkjenning må leggjast ved søknaden.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
99865fab-ff72-48cb-9d34-b26eb38bfdf4
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10253016