Prosjektstillingar: Doktorgradskandidat - framtidas forvaltning av sjøareala
Kompetanse- og næringsavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune
Borgundvegen 340, 6009 Ålesund, Julsundvegen 9, 6404 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektstilling - stipendiat om framtidas forvaltning av sjøareala
Oppstart
1. april 2025
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Vil du bidra til framtidas forvaltning av sjøareala våre? Bli doktorgradskandidat hos oss i Møre og Romsdal fylkeskommune!
Er du nysgjerrig på fjordane og kystlinja vår, og har du lyst til å utvikle framtidas forvaltning av sjøområda i Møre og Romsdal? Vi har ei unik og spennande moglegheit for deg!
Vi søker 1 eller 2 doktorgradskandidatar som vil bli med oss å bygge ei heilskapleg og kunnskapsbasert forvaltning av sjøareala våre. I denne treårige prosjektstillinga får du sjansen til å spele ei nøkkelrolle i utviklinga av vårt marine kunnskapsprogram - eit tiårig program med mål om kunnskapsbasert planlegging og forvaltning av sjøområda i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal var pilotområde i den nasjonale satsinga "Marine grunnkart i kystsonen". Marine grunnkart opnar heilt nye moglegheiter for planlegging og forvaltning av sjøområda – det er som å «slå på lyset under vatn».
Gjennom ditt arbeid vil du utvikle nye metodar for å kople ny kunnskap og digitale verktøy for å skape framtidas forvaltning.
Kva kan du forvente av oss?
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver: Du vil bli ein sentral del av vårt marine kunnskapsprogram og ha eit tett samarbeid med forskingsmiljø, offentlege aktørar og prosjektleiar for det marine programmet i fylkeskommunen.
- Utvikling av eige forskingsprosjekt: Som doktorgradskandidat får du mellom anna moglegheit til å utarbeide innhaldet i prosjektet, og ansvar for å etablere samarbeid med ein gradgivande institusjon.
- Kompetansebygging og nettverksbygging: Du blir del av eit nettverk av stipendiatar og sentrale aktørar innan forsking, næringsliv og offentleg sektor i Møre og Romsdal, noko som gir svært gode moglegheiter for samarbeid og fagleg utvikling.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har- mastergrad innan relevante fagområde (planfag, geologi, biologi, IT eller liknande), men vi er opne for ulike bakgrunnar og motiverte kandidatar. Nyutdanna oppmodast om å søke.
- gjerne erfaring frå prosess- eller prosjektarbeid
- gode skriftlege og munnlege formidlingsevner på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Vi søker etter deg som- er engasjert, nysgjerrig og motivert for å utvikle nye metodar og verktøy innan forvaltning og arealplanlegging i sjø i samarbeid med andre
- har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og med eit auge for innovative løysingar som kan endre måten vi forvaltar kystområda på
Vi tilbyr
- ei utfordrande og givande stilling i eit engasjert og sterkt fagmiljø, der kreativitet og initiativ blir verdsett
- moglegheita til å arbeide med banebrytande prosjekt der ditt arbeid vil bidra til ei langsiktig, kunnskapsbasert forvaltning av sjøområda.
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
- ein arbeidsplass som legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen med kontorstad i Molde eller Ålesund.
Kontaktinformasjon
Arne Håkon Sandnes, prosjektleiar, +47 71280350, arne.hakon.sandnes@mrfylke.noBirgit Aarønæs, seksjonsleiar, +47 71280353, birgit.aaronas@mrfylke.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 96404 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4860857438
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.04.2025
Sluttdato: 31.03.2028
Søknadsfrist: 05.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2798117
- Hentet fra
talentech
- Referanse
74b83b52bedd4c68b54b2cceafd0cac2