Undervisningsstillingar
Tysnes kommune
Rådhuset, 5685 Uggdal
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
8
Velkomen som søkjar til undervisningsstillingar i Tysnes kommune!
Tysnes er ein god stad å bu for barn og vaksne! Me har flotte naturområde, fjell og fjord, og alt dette berre ein times biltur frå Bergen!
Me har ledige faste stillingar og årsvikariat for skuleåret 23/24.
Tysnesskulane treng fleire engasjerte grunnskulelærarar og lærar i vaksenopplæringa. Me treng deg som brenn for god undervisning og motiverer elevane for læring og medverknad!
Tysnes har tre grunnskular og vaksenopplæring:
Onarheim skule 1-7. trinn
Uggdal skule 1-4. trinn
Tysnes skule 5.-10. trinn
Tysnes vaksenopplæring
Me ber deg skriva i søknaden kva trinn, fag og evt. skule du helst ønskjer å arbeida på.
Skulane har som mål å ha lærande og inkluderande fellesskap for alle elevar. Me arbeider for eit positivt elevsyn: "Barn er ikkje vanskelege, dei kan ha det vanskeleg".
Me jobbar med implementering av LK 20, og bruker ulike verktøy/ prosjekt som er felles for alle skulane. Skulane har fått Dekom.-midlar (desentralisert kompetanseutvikling) og jobbar med inkluderande læringsmiljø med vekt på verdiar med HVL som samarbeidspartnar. Kompetansløftet for spesialundervisning er og i fokus i samarbeid med fleire Sunnhordlandskommunar, PPT og HVL. Tysnes kommune er nett blitt ein BTI kommune (Betre tverrfagleg innsats), der me på tvers av tenestene vil bidra til å fanga opp og hjelpa barn og familiar med ulike utfordringar. Alle skulane i kommunen er sertifiserte Olweus skular, der godt læringsmiljø og førebyggjing av mobbing og utestenging er i fokus.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja og gjennomføra undervisning i tråd med LK20
- Vera ein tydeleg og aktiv klasseleiar
- Ha god fagkunnskap og kunne engasjera
- Skapa eit trygt, godt og inkluderende læringsmiljø for elevane med god klasseleiing
- Delta i og bidra til lærande fellesskap ved skulane
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Ha god kontakt med elevar og føresette
Kvalifikasjonar
Skulane treng ulike kvalifikasjonar, mellom anna desse:
- Godkjend lærarutdanning 1.-7. trinn og 5.-10. trinn iht. Opplæringslova
- Spesialpedagogikk i tillegg til grunnutdanning
- God kompetanse om læringsleiing, tilpassa opplæring og IOP
- Aktuelle fag: matematikk, engelsk, framandspråk, musikk, kunst og handverk og andrespråkspedagogikk. Andre fag kan også bli aktuelle
- God fag/metode/ relasjons- kompetanse
- Gode digitale ferdigheiter og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar
- Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar
- Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring
- Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysningar
- Du evnar å jobba sjølvstendig, men har og gode samarbeidsevner
- Du er strukturert og overheld tidsfristar
- Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
- Du tek ansvar og er profesjonell
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtalar og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø
- Kontaktlærartillegg min. kr 24.500 pr år. Nyutdanna lærarar får rettleiing dei to første åra
Generell informasjon
- Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å få tilsetjing.
- Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden.
- I Tysnes kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta, og me ber om at de skriv søknaden på nynorsk.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Aud Kaldefoss, Kommunalsjef oppvekst, 93402321, aud.kaldefoss@tysnes.kommune.noArbeidsstad
Rådhuset5685 UGGDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tysnes kommuneReferansenr.: 4631907054
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 02.04.2023
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2283728
- Hentet fra
talentech
- Referanse
529ad133786c44bc85fcbd7562c3961e