Ledig stilling som kyrkjetenar i Eid og Stårheim i inntil 80%
Stad Kyrkjelege Fellesråd
Sjøgata 90, 6770 Nordfjordeid, Vestland, Stad
Om jobben
Stillingstittel
Kyrkjetenar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Vi har ledig stilling som kyrkjetenar/reinhaldar i inntil 80% i Eid- og Stårheim kyrkje kombinert med ansvar for reinhald ved servicebygga på Stokkenes- og Sambraut gravplass. Stillinga kan delast.
Utdanning:
Det er ønskeleg med fagbrev som reinhaldsoperatør, fagbrev innan sal, service og reiseliv, eller fagbrev innan bygg- og anleggsteknikk. Anna relevant utdanning og arbeidserfaring kan erstatte fagbrev.
Kvalifikasjonar:
o Du har interesse for gudstenestefellesskapet og kyrkjeleg aktivitet
o Du er ein god formidlar og snakkar godt norsk og gjerne andre språk
o Du kan samhandle godt med andre tilsette og menneske i alle aldrar
o Du arbeidar sjølvstendig og strukturert og likar praktiske gjeremål
Arbeidsoppgåver:
Kyrkjetenar skal sørgje for at kyrkja blir klargjord og rydda i samband med gudstenester og andre kyrkjelege handlingar samt nødvendig reinhald. Kyrkjetenaren ringjer med kyrkjeklokkene etter vedteke reglement, held kyrkja open og gjennomfører eventuell omvisning etter nærare instruks.
Løn:
Løn etter KA sin tariff.
Anna:
Det er krav om medlemsskap i Den norske kyrkja, men ein kan søkje dispensasjon.
Om bedriften
Stad kyrkjelege fellesråd er eit felles organ for sokna i Stad, jf. Lov om tros- og livssynssamfunn kap. 3. §10-§17. Fellesrådet skal ivareta administrative og økonomiske oppgåver på vegne av sokna, utarbeide mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen, fremje samarbeid mellom sokneråda og ivareta sokna sine interesser i forhold til kommunen.
Stad kyrkjelege fellesråd har 7 sokn, 8 kyrkjer og 11 kyrkjegardar/gravplassar - frå vakre Heggjabygda ved Hornindalsvatnet i aust i til Ervik heilt ute mot storhavet ved Vestkapp. Kontora til Stad kyrkjelege fellesråd ligg i Eid Kyrkjetun på Nordfjordeid og i kommunehuset i Selje. Nordfjordeid er prostesete i Nordfjord og prosten sitt kontor er samlokalisert med fellesrådet. Det er totalt 4 prestar som har teneste i kyrkjene i fellesrådsområdet og fellesrådet har sjølv i alt 26 tilsette i heil- og deltidsstillingar.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2411771
- Sist endret
30. august 2023
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
98d817ba-3453-4d91-be6d-3ffa9673fa45