Fagarbeider/assistent i barnehagen - 100% vikariat
Øyfjell oppvekstsenter, Vinje kommune
Kyrkjevegen 25, 3890 Vinje
Om jobben
- Oppstart
- 12. august 2026
- Stillingstittel
- Fagarbeider/assistent i barnehagen - 100% vikariat
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. juli
Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje kommune. Øyfjell er ei levande bygd med mykje aktivitet, der barnehage og skule er ein viktig del av lokalmiljøet. Både barnehage og skule har nærleik til flott natur, og brukar nærområdet mykje til aktivitetar og turar. Me har store og fine uteområde til leik og læringsaktivtetar, og har mellom anna skulehage, ljosløype, ballbinge, gapahuk og grillhytte. Me er om lag 20 barn i barnehagen og 36 elevar i skulen.
Me ynskjer oss tilsette som er tydelege, inkluderande, engasjerte og som har hjarte for arbeid med barn og unge. Me legg stor vekt på trygt og inkluderande læringsmiljø, der både barn og tilsette kan trivast og utvikle seg.
Har du lyst til å vere med å utvikle arbeidet ved Øyfjell oppvekstsenter, vil me gjerne ha deg med på laget vårt i barnehagen.
Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Delta i barna sin leik og aktivitet, ute og inne.
- Vere medansvarleg for barna sin heilskaplege trivsel og utvikling.
- Delta aktivt i det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdeling.
- Skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna.
- Bidra til lærande fellesskap i barnehagen.
- Bidra til godt samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar.
- Bidra til at barnehagen har godt omdømme.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider.
- Anna relevant utdanning innanfor barnehage og skule kan bli vurdert.
- Erfaring frå liknande arbeid i barnehage eller skule kan kompensere for utdanning om me ikkje får fagutdanna.
- God munnleg og skriftleg kompetanse.
- Du må ha IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
- Du er strukturert og overheld tidsfristar.
- Du er engasjert og tek initiativ.
- Du er fleksibel og finn løysingar.
- Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette og andre samarbeidspartar.
- Du må vera glad i aktivitet, både inne og ute.
- Du må trivast i ein hektisk kvardag.
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Eit godt fagleg miljø med fokus på kvalitet.
- Varierte og spennande utfordringar.
- Ein arbeidsplass prega av humor og glede.
- Løn etter lokal lønstabell, kvalifikasjonar og ansiennitet.
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
- Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få jobb.
- Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet. Sjå lånekassa for vilkår.
Kontaktinformasjon
Unni Kristensen, Ass. verksemdsleiar, 97176385, unni.kristensen@vinje.kommune.no
Maria Bruleite Bjåen, Verksemdsleiar, 91719899, maria.bjaaen@vinje.kommune.no
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 25
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5152052720
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.08.2026
Sluttdato: 13.08.2027
Søknadsfrist: 24.07.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
98c024c7-c396-4576-af0f-877de81613f4
- Sist endret
1. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
613544abf8144c85a5b823e7ac9919d9