ID 2360 Avdelingsleiar - Tenester til heimebuande
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingssykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar
Er du ein person som brenn for leiing, fag, folk og framtidsretta tenester? Då kan dette vera stillinga for deg. Heimebaserte tenester er i stadig utvikling, og no har du sjansen til å bli ein del av eit sterkt og nytenkande leiarteam.
Det er ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar i Helseteam 2Heimebaserte tenester omfattar:
-
Sjukepleie og meistringsteam
-
Helseteam 1 og 2
-
Demensteam
-
Praktisk bistand team
-
Natt-team
Som avdelingsleiar får du vere med og leie ei eining som består av fleire avdelingar med høg fagleg kompetanse og eit sterkt fokus på kvalitet, velferdsteknologi og brukarorienterte løysingar. Du rapporterer til einingsleiar og får eit tett samarbeid med dyktige kollegaer i leiargruppa.
Arbeids- og ansvarsområde:-
Års turnusplanlegging
-
Personaloppfølging
-
Fagleg utvikling og internkontroll
-
Rettleiing av tilsette i samarbeid med assisterande avdelingssjukepleiar
-
Deltaking i leiargruppa med ansvar for fag, personal og økonomi
-
Fagleg ansvar for eiga avdeling og eventuelle tilleggsfunksjonar
-
Har interesse innan leiing og administrasjon
-
Er ein tydeleg og motiverande leiar
-
Har høg arbeidskapasitet og er strukturert og påliteleg
-
Er fagleg oppdatert og brenn for kunnskapsbasert praksis
-
Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med både tilsette, brukarar og pårørande
-
Har eit ekte engasjement for å jobbe med menneske
Kvalifikasjonskrav:
-
Autorisasjon som sjukepleiar
-
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
-
Gode digitale ferdigheiter
-
Førarkort klasse B
-
Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me tilbyr
-
Ei spennande og meiningsfull leiarstilling i eit tverrfagleg miljø
-
Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
-
God opplæring og oppfølging
-
IA-bedrift og bedriftshelseteneste
-
Tilgang til leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og tilhengar for medlemer for Ve og vel
-
Løn og vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Kontaktperson: Einingsleiar Kristin Steinsland -- telefon 41 69 42 66
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
98a8b2f8-a782-4c71-a9f5-2f7ede31d463
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
98a8b2f8-a782-4c71-a9f5-2f7ede31d463