Sommarvikariat legar/ medisinstudentar 2025
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarvikariat legar/medisinstudentar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 19. juni
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.
Sommaren 2025 treng vi dyktige og engasjerte legar/medisinstudentar med lisens til sommarvikariat ved avdelingar og einingar ved sjukehuset. Vikariata vil ha varigheit frå 4-10 veker. For å gjere det enklare for deg som søkar har vi felles rekruttering til avdelingane.
Du må oppgje øverst i søknaden kor du ønsker å jobbe, i prioritert rekkefølge (inntil 3 avdelingar). Skriv i søknaden i kva periode du kan jobbe. Kandidatar som kan jobbe samanhengande og i lengre periodar vil ha fortrinn.
Periode: veke 25 - 35
Det er ledig vikariat ved desse avdelingane:
Psykiatri:
Om stillinga: Vi har tre akutte seksjonar, ein tidleg psykose (TP) seksjon, og ein kompleks rehabilitering (KRS) seksjon. Du vil jobbe i tverrfaglege team saman med dyktige kollegaer frå ulike fagområde som psykiatri, psykologi, sjukepleie og sosialt arbeid. Vi tilbyr opplæring og rettleiing for å sikre at du får den beste starten i din karriere innan psykisk helse.
Les meir om oss her
Laboratorieklinikken, Avdeling for medisinsk Biokjemi og farmakologi, Hormonlaboratoriet - 1 vikariat.
Om stillinga: Her er det mogleg for medisinarstudentar utan lisens som har fullført undervisning i endokrinologi og medisinsk biokjemi å søke.
Kandidatar blir intervjua fortløpande i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Somatikk/psykiatri:Laboratorieklinikken:
Dagvaktsordning (8-16, måndag til fredag) der oppgåvene består av å:
- Gje råd og rettleiing til rekvirentar om rett bruk- og tolking av laboratoriemedisinske tenester
- Svar på analyseresultat som krev spesiell medisinsk vurdering
- Delta i vurderingar ved driftsstans, problem med analysar ved laboratoriet eller liknande
- Tilsett kandidat vil arbeide med minst ein utgreiing rundt om vi skal etablere ein ny analyse ved laboratoriet.
Kvalifikasjonar
- Ha norsk autorisasjon eller lisens til å arbeide som lege
- Det er ein fordel med relevant klinisk erfaring
- Bør ha interesse og/eller kjennskap til fagfeltet (legg ved evt. dokumentasjon)
- Ha kunnskap om DIPS og andre fagsystem
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Somatikk/psykiatri:
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Er god til å samarbeide i eit tverrfagleg miljø
- Kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Er målretta, og får oppgåvene gjort
Laboratorieklinikken:
- Har gode kommunikasjonsevner
- Trivst med å jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Arbeide strukturert og sjølvstendig kunne sette seg inn i nye problemstillinger
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Er initiativrik og har gode analytiske evner
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linda Røthe Ystanes, Rådgivar, +47 92292668Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4984998245
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 19.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Linda Røthe Ystanes
Rådgivar
+47 92292668
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
988e88e4-70c6-4a19-8461-7bb4d73c3214
- Hentet fra
talentech
- Referanse
87fa2b38d29f446a9a80e04decaceda5