Midtsoneassistent
Barn og unge sengepost og poliklinikk og Kvinneklinikken, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Midtsoneassistent
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Barn og unge sengepost og poliklinikk og Kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus søkjer ein positiv og påliteleg medarbeidar som ønskjer ein meiningsfull jobb i eit hektisk og lærerikt miljø.
- Stilling: Midtsoneassistent
- Periode: 08.06.2026- 31.12.2026.
Midtsoneassistent er ein støttefunksjon som har som hovudoppgåve å avlaste sjukepleiarar og helsefagarbeidarar med praktiske og ikkje-medisinske oppgåver. Som midtsoneassistent, hjelper du til med viktige praktiske oppgåver som skapar tryggleik og flyt i avdelingane. Vi søkjer deg som er serviceinnstilt, sjølvstendig og likar å vere der det skjer.Rolla krev ikkje formell helsefagleg utdanning.
Barn og unge - poliklinikk
Poliklinikken gir medisinsk utgreiing og oppfølging av barn og unge.
Dei mest vanlege fagområda er: astma og allergi, diabetes og endokrinologi, mage–tarm, hjarte, nevrologi, nyre og urinvegar, revmatologi, infeksjonar og nyfødtmedisin.
Barn og unge - sengepost
Sengeposten tek imot barn og unge med eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske tilstandar, samt premature og sjuke nyfødde
Kvinneklinikken
Klinikken er ein kombinert føde-, barsel- og gynekologisk sengepost med om lag 850 fødslar i året. Her jobbar jordmødre, helsefagarbeidarar, barnepleiarar og sjukepleiarar i tett samarbeid.
Politiattest
Ved tilbod om tilsetjing må det leggast fram tilfredsstillende politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma). Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.
Arbeidsoppgåver
- Midtsoneassistenten servar både KK og Barn og unge sengepost og poliklinikk
- Førefallande arbeid av ikkje-medisinske oppgåver, rydde rom, hente og bringe ting
- Kjøkkenteneste; servere mat, bestille varer, halde orden
- Halde orden, rydde på plass varer,
Kvalifikasjonar
- Det er krav om fullført vidaregåande skule
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Opplæring i interne program vert gitt.
Personlege eigenskapar
- Bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Tilpassingsdyktig
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til systematisk arbeid
- Likar å jobbe med barn og foresatte
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Varierte og spennande oppgåver
- Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristin Opseth Rygg, Seksjonsleiar Kvinneklinikken sengepostar Førde, (+47) 578 39 688Jorunn Sollid, Seksjonsleiar Barn og unge sengepost og poliklinikk, (+47) 578 39 515
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5103736888
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Jorunn Sollid
Seksjonsleiar Barn og unge sengepost og poliklinikk
(+47) 578 39 515
Kristin Opseth Rygg
Seksjonsleiar Kvinneklinikken sengepostar Førde
(+47) 578 39 688
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
987e987b-66b0-447b-abe7-d43f11561a95
- Sist endret
27. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
850671966228457c9c142fcac5826f01