Spesialkonsulent
Stend vgs
5244 Fana
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialkonsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Stend vidaregåande skule har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan Yrkesfagleg grunnutdanning, Arbeidstrening og Kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.
Stend har vokst kraftig dei siste åra og har trong for å styrka administrasjonen ved skulen.
Arbeidsoppgåver
Saksbehandling innan økonomi, budsjett, rekneskap og løn
Innkjøp
Eksamensavvikling og Vitnemål
Støttefunksjon for leiarar og elevtenesta.
Kvalifikasjonar
Utdanning på Bachelornivå i økonomi og administrasjon.Anna relevant kompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
Heilheitleg økonomiforståing.
Gode IKT kunnskapar.
Ønskjeleg med erfaring frå vidaregåande opplæring og bruk av Elements og InSchool (VIS).
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein utåtvend person som kan jobbe sjølvstendig men samstundes trives med å løyse oppgaver i team.Du er fagleg dyktig og engasjert.
Du har gode samarbeidsevner.
Du trivs med å løyse nye utfordringar og er ikkje redd for å ta på deg ukjende oppgåver.
Du er fleksibel og kan snu deg rundt dersom det trengs.
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Tore Hordnes, leiar administrasjon , 41673717Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5011303395
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Tore Hordnes
leiar administrasjon
41673717
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
984dcfc1-e126-440b-a936-697a6d81c01c
- Sist endret
11. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
608ec3b0a0a54b5ca4ae60ab222cb15a
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Stend vgs,
Sted
Fana
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen