Miljøpersonell knytt til klassar
Stend vgs,
5244 Fana
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøpersonell knytt til klassar
- Oppstart
- 16. mars 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 89%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 20. november
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Stend vidaregåande skule har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan Yrkesfagleg grunnutdanning, Arbeidstrening og Kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp elevar i kvardagen og vere ein støttespelar i opplæringa
- Delta på elevturar
- Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Samarbeide tett med lærarar og andre fagpersonar
- Arbeidsoppgåvene vil kunne variere gjennom skuleåret både med tanke på innhald og tilknytting til ulike avdelingar
Kvalifikasjonar
- Miljøfagleg kompetanse retta mot ungdom
- Minimum fagbrev
- Erfaring frå arbeid med ungdom er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Omgjengeleg og samarbeidsvillig
- Evne til å jobbe både i team og sjølvstendig
- Høg motivasjon for miljøarbeid med ungdom
- God på relasjonsbygging og trygg i krevjande situasjonar
- Fleksibel og med stor arbeidskapasitet Å vere personleg eiga vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Kari Spilsberg, ass. rektor , 91822917Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5037898809
Stillingsprosent: 89%
Vikar
Startdato: 16.03.2026
Sluttdato: 31.01.2027
Søknadsfrist: 20.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Kari Spilsberg
ass. rektor
91822917
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2a951916-af1b-4707-b139-84d1e6097992
- Sist endret
5. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5b0ece40420b473cad136520954c73f0
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Sted
Loddefjord
Miljøarbeidar innan habilitering
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Sted
Storebø
Miljøterapeut/Miljøarbeider Vikariat 100%
Arbeidsgiver
Stiftelsen Virksomheten Helgeseter
Sted
Bergen