ID 2325 Sjukepleiarar - Sunnhordland interkommunale legevakt
Sunnhordland interkommunale legevakt SIL og døgnavdeling IDA
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Autorisert sjukepleiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidstid
Turnus, natt, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. juni
SIL dekker akutt-teneste for om lag 35 000 innbyggarar. I tillegg er legevakta legevaktsentral for Kvinnherad og Tysnes kommune. I avdelingane har ein eit høgt fagleg miljø med god sjukepleiedekking og tett samarbeid med vaktlege og avdelingsoverlege. Ein utføre laboratoriearbeid i tillegg til mykje medisinske og kirurgiske prosedyrar.
Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS si viktigaste oppgåve er å levere tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkeleg helsehjelp. Dei tilsette er viktigaste ressurs for å nå dette målet. Vår kultur og personalpolitikk er basert på å fremja personleg utvikling, ansvarsbevissthet og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidar.
Det er fleire ledige stillingar for sjukepleiarar på Legevakta og Døgnavdeling IDA: 1. Fast 75% stilling på natt. Sted: både legevakt og Døgnavdeling IDA. Ledig etter avtale. 2. Fast 75% stilling på natt. Sted: Døgnavdeling IDA, ledig etter avtale. 3. Fast 70% stilling i todelt turnus Sted: Døgnavdeling Ida ledig frå 01.08.2025 4. 80 % svangerskapsvikariat i todelt turnus. Sted: Døgnavdeling IDA. Stillinga er ledig frå snarast til mars 2026. Oppi i søknaden kva stilling-/ar du søkjer på..Søkjer du ein interessant jobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss.
Dine oppgåver vil m.a. vera å utføre sjukepleieoppgåver og andre avtalte oppgåver knytt til avdelingane i samarbeid med kollegaer og leiing. Hovudfunksjonen vil vera å yta gode faglege, vegleiande og omsorgsmessige tenester til dei pasientar som tek kontakt med legevakta eller er inneliggjande i døgnavdeling IDA.
Døgnavdelinga IDA ligg i 2.etasje og har 9 einmannsrom. 4 rom er knytt opp mot øyeblikkeleg hjelp senger , 5 rom er knytt opp mot observasjonssenger
På døgnavdeling yt ein behandling etter ålmennmedisinske metodar. All kontakt på legevakta blir vurdert av sjukepleiar etter hastegrad der ein nyttar norsk medisinsk index.
Kompetanse og personlege eigenskapar hos søkjar:-
Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
-
2 års erfaring er ein føredel for å arbeide legevakt.
-
Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
-
Har gode datakunnskaper.
-
Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig og i team.
-
Evne til å meistre eit høgt arbeidspress.
-
Fleksibilitet.
-
Evne til å bidra til godt samarbeid innan eiga avdeling og i organisasjonen generelt.
-
Evne til å samarbeida tverrfagleg.
-
Evne til å etablere god kommunikasjon og tillit.
-
Gyldig politiattest må fremlegges ved tiltredelse.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Me tilbyr:-
Løn etter tariffavtale
-
Utvikling av eit fagmiljø med trivelege arbeidskollegaer der du kan vera med å påverka og utforme avdelinga.
-
Kurs i akuttmedisin og volds- og overgrepshandsaming
-
Ei heilt ny avdeling med flotte lokalar og med spanande utfordringar.
-
Internundervisning
-
Pensjonsordning gjennom KLP
-
Bedriftshelseteneste
-
Medlemskap i Stord ve og vel
Avdelingsleiar døgnavdeling IDA: Ingvild Boga på telefon 91727837 eller send e-post til ingvild.boga@stord.kommune.no
Dagleg leiar: Agata Kapuscinska på telefon 40729263 eller send e-post til agata.barbara.kapuscinska@stord.kommune.no
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sunnhordland interkommunale legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 35.000 innbyggjarar. Legevakta flytta inn i nye, moderne lokale i 2017 og er lokalisert i tilslutnad til Stord sjukehus. Legevakta og døgnavdelinga har eit triveleg fagmiljø med personale som held høg fagleg kompetanse.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2948741
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
9835560a-98a9-445a-9f32-5f1fea0325b7