Du veit kor viktig reinhald er – det gjer vi òg
Husøkonomi Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. januar
For oss betyr reinhald meir enn blanke golv – det handlar om tryggleik, trivsel og eit godt miljø for pasientar, tilsette og besøkande. Det vi gjer, har stor verdi.
Du får opplæring i smittevern, ergonomi og arbeidsmetodar, og du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med kollegaer frå mange ulike land.
Vi jobbar tett saman, hjelper kvarandre og sørgjer for at sjukehuset held er trygt og reint kvar dag.
Likar du fysisk arbeid og å gjere ein viktig jobb som betyr noko for mange? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
👉 Klikk på søkeknappen – vi ser fram til å få deg med på laget!
Kva går jobben ut på?
- Dagleg og periodisk reinhald på ulike rom og område på sjukehuset
- Reinhald ved smitte og akutte behov
- Du like å bruke kroppen aktivt i arbeidet – det er viktig at du trivst med fysisk arbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Det er ein fordel med:
- Erfaring frå reinhald og kjennskap til sjukehushygiene.
- Erfaring med maskinelt golvvedlikehald.
- Fagbrev i reinhald.
Du må:
- Forstå og snakke norsk godt nok til å gjere deg godt forstått for å utføre ein trygg og god jobb.
- Kunne bruke enkle dataverktøy - til dømes for å registrere oppgåver.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- gjer deg ferdig med oppgåvene og passar på at det er reint etterpå
- likar å jobbe saman med andre, men klarer òg å jobbe aleine
- viser respekt for pasientar og kollegaer, og bryr deg om at dei har det trygt og reint
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit godt arbeidsmiljø med kollegaer frå ulike land og kulturar – vi hjelper kvarandre og jobbar som eit lag.
- Opplæring i korleis vi vaskar på sjukehuset, og i smittevern, ergonomi og HMS.
Kontaktinformasjon
Margit Sofie Bukkoy Larsen, Funksjonsleiar, margit.sofie.bukkoy.larsen@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5065475821
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
981d870b-6689-48e6-90d6-22afb72d5758
- Sist endret
15. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fc4a355bb33f4715a9a5116e6eb5bb2e
Lignende annonser
Renholdsmedarbeider (bedrift)
Arbeidsgiver
Vestavind Renhold AS
Sted
Bergen
Renholder (virksomhet /privat)
Arbeidsgiver
Insider Facility Solutions AS
Sted
Bømlo, Fitjar, Stord
Renholder (virksomhet /privat)
Arbeidsgiver
Rtbc Rigg Og Renhold As
Sted
Vestland