Hopp til innhold

Undervisningsstilling i spansk

Arbeidsgiver

Rogaland fylkeskommune

Sted

Rygjatunvegen 30, 4230 Sand

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningsstilling i spansk ved Sauda vidaregåande skule
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i dag

Arbeidsoppgåver

Sauda vidaregåande skule har ledig inntil 22% stilling i spansk på kveldstid. Undervisninga føregår på Sand. Tilsettinga er eit vikariat gjeldande frå 16.02. 2026 – 31.07 2026


Vi ser etter deg som har følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant fagleg kompetanse i faga du skal undervise i 
  • Godkjent pedagogisk kompetanse (PPU) 
  • Godkjent politiattest

 

Om du finn skulen og stillinga interessant, men manglar delar av kompetansen, oppfordrar me deg likevel til å søka.


Me ønskjer og at du:

  • er flink på klasseleiing og kommunikasjon med elevar 
  • likar å samarbeide 
  • er god brukar av digitale verktøy 

Det blir lagt stor vekt på kor personleg eigna søkarane er.


Hos oss kan du sjå fram til mykje bra, og vi tilbyr:

  • utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
  • høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet
  • gode faglege utviklingsmoglegheiter 
  • offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar 
  • lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk

     


Søknaden din bør innehalde:

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar
  • Dersom du har utdanning frå utlandet: godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)

Korleis søkje på stillingar hos oss:

Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.

CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.

Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar

Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.

Vi set stor pris på innsatsen du legg i søknaden din, og vi blir veldig glade om du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!

 


Kontaktperson for stillingen

Marvik, Øyvind

Avdelingsleder

91830957

oeyvind.marvik@skole.rogfk.no

Om bedriften

Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4300 ansatte. Vi jobber sammen for et grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?

Sauda vidaregåande skule er ein kombinert skule med variert tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram.  I tillegg har skulen førebuande tilbod for minoritetsspråklege elevar.  Skulen har status som regionalt kompetansesenter i Indre Ryfylke og er samstundes eit opplæringssenter innan vidaregåande opplæring for vaksne. Det er om lag 450 elevar og 100 tilsette ved skulen.  Skulen er den einaste vidaregåande skulen i Indre Ryfylke og er lokalisert tre ulike stader i to kommunar. Hovudavdelinga ligg på Lofthus i Sauda kommune. Dei andre ligg på Birkeland i Sauda kommune og Sand i Suldal kommune. Skulen har som mål at alle elevane skal trivast og lukkast med utdanninga og framtidsplanane sine. Skulen kan vise til gode resultat gjennom mange år og har ein kultur prega av engasjement, tillit, høg fagleg kompetanse og samarbeid i heile organisasjonen. Skulen søker nye og framtidsretta løysingar og tilbod. Fleire spennande nisjetilbod gjer at mange elevar flyttar til Sauda eller Sand på hybel og internat. Me fokuserer på å ta imot tilreisande elevar på ein god måte.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

97f1370d-0401-483d-b283-bf846f4c4a1d

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10280637

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Suldal kommune Teknisk drift

Sted

Sand

Arbeidsgiver

Suldal kommune Teknisk drift

Sted

Sand