Lærar Kleppe skule
Klepp kommune, Kleppe skule
Viervegen 10, 4351 Kleppe, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar Kleppe skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 12. juni
Vil du arbeide på ein spennande barneskule med gode kollegaer? Vi har ledig 1 lærarstilling i 100% frå 01.08.25. Søk nå, ikkje vent til fristen. Vi kallar inn til intervju fortløpande.
Visjonen vår er Saman om ein god start og verdiane inkludering og meistring er viktige for oss i arbeidet med å skape ein framtidsretta skule der elevane kan utvikle seg i eit trygt og utforskande læringsmiljø.
Kleppe skule er ein barneskule med 460 elevar og 82 tilsette. Vi har sentral plassering med god bussforbinding, uteområdet vårt er stort og godt og vi har nettopp bygd på skulen med stor og flott aula og kantine.
Ved skulen har vi Språkstasjon, som er ein eigen avdeling for elevar som kjem nye til landet. Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø.
Skulane i Klepp er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Time og Gjesdal.
Arbeidsoppgåver
- Faglærar/ressurslærar på mellomtrinnet, men alle trinn kan vere aktuelt avhengig av kompetansen din
- Kontaktlærar vil vere aktuelt etterkvart
- Planleggje og gjennomføre variert, utforskande og inkluderande undervisning
- Sørgje for eit trygt, inkluderande og godt skule- og klassemiljø
- Bidra til eit godt skule - heimsamarbeid
- Delta aktivt i profesjonsfellesskapet
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse, ønskeleg med GLU 1-7 eller allmennlærarutdanning.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
- Ønskeleg med norsk, matematikk, engelsk og kroppsøving i fagkrinsen, andre fag er også aktuelle.
- Legg ved attestar og vitnemål i søknaden (last inn som vedlegg i webcruiter)
Personlege eigenskapar
- Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega.
- Du er god til å skapa gode relasjonar til alle elevar.
- Du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson.
- Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
- Du har fokus på kvalitet og auka læringsutbytte hos elevane.
- Du er nytenkande og oppteken av pedagogisk utviklingsarbeid.
- Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel.
- Du samarbeider og kommuniserer godt.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Klepp kommune har gode velferdsordningar, pensjons- og forsikringsordningar.
- Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk
Kontaktinformasjon
Sylvia Gjersdal, Rektor, +47 92839767Arbeidsstad
Viervegen 104351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4978514905
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Sylvia Gjersdal
Rektor
+47 92839767
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted