Leder til Kundesenter i Flåm
Norway`s best
5743 Flåm, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Leder Kundesenter
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
Midt i hjartet av Flåm finn du vårt kundesenter – eit pulserande knutepunkt for service, informasjon og opplevingar. Her møter vi gjester frå heile verda, hjelper dei med å planleggje reisa si, løyser utfordringar undervegs og sørgjer for at opplevinga av Flåm blir så god som mogleg.
Kundesenteret er både eit fysisk møtestad og eit digitalt nav for all kundehandsaming i selskapet. Teamet handterer førespurnader på telefon og e-post, koordinerer billettsal, transport, avvik og refusjonar – og fungerer samstundes som sentralbord for konsernet og turistinformasjon for Visit Sognefjord.
No søkjer vi ein engasjert og tydeleg leiar for kundesenteret som vil ta ansvar for å utvikle både menneske, prosessar og serviceopplevingar.
Som leiar får du det overordna ansvaret for dagleg drift, ressursplanlegging og medarbeidarutvikling. Du sikrar at teamet har gode rutinar, system og arbeidsverktøy for å lukkast – og legg til rette for at kundesenteret leverer topp service, effektiv drift og gode resultat.
Hos oss blir du del av eit engasjert og internasjonalt miljø med høgt tempo, smilande kollegaer og ei felles lidenskap for gode gjesteopplevingar. Teamet består av fem heilårstilsette og om lag tjue sesongmedarbeidarar i høgsesongen.
I kundesenteret møter og leier du menneske frå heile verda. Difor er det viktig at du trivst med å kommunisere på engelsk. Det er òg ein fordel om du snakkar norsk – eller har litt forståing for språket og eit ønskje om å lære meir undervegs.
Dine hovudoppgåver
- Leie kundesenter og turistinformasjon, og sikre høg kvalitet i serviceleveransen
- Ha ansvar for økonomi- og ressursoppfølging i avdelinga, inkludert budsjett, rapportering og lønsgrunnlag
- Sikre at medarbeidarane har god produktkunnskap og gir rask og presis hjelp til gjester
- Utvikle og følgje opp rutinar og prosessar som bidreg til effektiv og stabil drift
- Samarbeide med interne og eksterne partnarar for å handtere avvik og transport
- Følgje opp kompensasjonar og refusjonar i tråd med selskapet sine retningsliner
- Bidra med tilbakemeldingar frå gjester for innsikt og kontinuerleg forbetring
- Ha ansvar for rekruttering, opplæring og oppfølging av sesong- og faste tilsette
- Aktivt bidra til samarbeid og deling på tvers av avdelingar og destinasjonar
Kven er du?
- Har erfaring som leiar med personalansvar, gjerne frå kundeservice, reiseliv eller operativ drift
- Har gode kommunikasjonsevner og trivst med å motivere og utvikle medarbeidarar
- Er strukturert, løysingsorientert og trivst i eit miljø med høgt tempo i sommarhalvåret
- Har gode systemkunnskapar og evne til å setje deg raskt inn i nye verktøy
- Har gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Norskkunnskapar er ein fordel. Grunnleggjande forståing eller vilje til å lære norsk blir vektlagd positivt
- Har eit genuint ønskje om å levere gode gjesteopplevingar og byggje stolte medarbeidarar
Hva vi kan tilby
Ei spennande stilling i eit ambisiøst og dynamisk selskap som engasjerar seg for mennesker og samfunn. Hos oss blir du del av eit stolt kollegium i ei av Noregs leiande reiselivsbedrifter med gode muligheiter for både fagleg og personleg vekst. I Norway’s Best er mangfald og inkludering viktige delar av kulturen. Hos oss kan du være deg sjøl, stille spørsmål og bli sett og respektert for den du er.
Nokre av våre goder:- Konkurransedyktige vilkår
- Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
- Gode rabattar og tilbud på Norway’s Best sine produkt og aktivitetar
Arbeidsstad: Flåm
Oppstart: etter avtale
Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lofoten og Oslo. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som har ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 100% av The Fjords og 50% av Flåmsbana. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
974f95a0-4e61-4b57-a408-a11870b0dbf9
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e24b177d6a64473980720214639e95ad