Sett kursen for framtidas reiseliv -- me søkjer fagansvarleg berekraft
Norway's best AS
5742 Flåm
Om jobben
Stillingstittel
Fagansvarlig bærekraft
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Vil du vere med og forme framtidas reiseliv?
Norway’s Best søkjer ein engasjert og fagleg trygg fagansvarleg berekraft som vil omsetje strategi til handling -- og gjere berekraft til ein naturleg del av kvardagen vår. Dette er ei rolle for deg som ønskjer å skape reell påverknad i eit ambisiøst konsern i vekst -- midt i hjartet av norsk reiseliv. Om stillinga
Som fagansvarleg berekraft får du ei nøkkelrolle i utviklinga av berekraftige reisemål, produkt og prosessar. Du blir ein sentral ressurs i eit konsern som satsar offensivt på grøne løysingar -- frå nullutsleppstransport og lokalmatkonsept, til meir miljøvennleg drift i fjord- og fjellregionane.
Rolla er fagleg-operativ og administrativ, og fungerer som eit bindeledd mellom strategi og praksis. Du skal sikre struktur, framdrift og kvalitet i berekraftsarbeidet, samstundes som du bidreg til engasjement, kompetanse og felles retning. Her får du jobbe tett med leiarar og kollegaer på tvers av selskapet -- med høve til å påverke, utvikle og setje spor etter deg.
Dine viktigaste oppgåver- Identifisere nødvendige tiltak og setje måltal for berekraft
- Følgje opp og koordinere berekraftstiltak i ulike avdelingar
- Sikre struktur, retning og etterleving av berekraftsarbeidet
- Samle og analysere data til rapportering og vidare utvikling
- Rettleie og støtte kollegaer
- Bidra i prosjekt og kommunikasjonsarbeid
- Koordinere opplæring, kompetanseheving og interne initiativ
- Bidra til å skape engasjement for berekraftarbeidet i heile konsernet
Kven er du?
Du har relevant høgare utdanning og erfaring frå operativt berekraftsarbeid i større verksemd eller offentleg sektor. Du er strukturert, relasjonssterk og løysingsorientert -- ein person som får ting til å skje, men som òg evnar å lytte, engasjere og skape forståing. Du har god kjennskap til relevante sertifiserings- og rapporteringsordningar, og trivst i ein rolla som er både rådgjevande og koordinerande. Vi tilbyr
Ei spennande stilling i eit ambisiøst og dynamisk selskap som engasjerer seg for menneske og samfunn. Hjå oss blir du del av eit stolt kollegium i ei av Noregs leiande reiselivsbedrifter med gode moglegheiter for både fagleg og personleg vekst. I Norway’s Best er mangfald og inkludering viktige delar av kulturen. Hjå oss kan du vere deg sjølv, stille spørsmål og bli sett og respektert for den du er.
Nokre av våre gode:
- Konkurransedyktige vilkår
- Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
- Gode rabattar og tilbod på Norway’s Best sine produkt og aktivitetar
Stad: Flåm / Voss / Bergen
Stilling: Fast, 100 %
Avdeling: Kommunikasjon og strategi
Norway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i sin portefølje. Vår hovudaktivitet foregår i Flåm og Myrkdalen. Med fyrtårnprodukta Flåmsbana og UNESCO-området Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei mest populære reisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen har vi den største skidestinasjonen på Vestlandet. I tillegg har selskapet aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo.NBG har ein omsetnad på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Konsernet eig Myrkdalen Fjellandsby, The Fjords og 50% av Flåmsbana. Gjennom dotterselskapet Norway’s best AS eig og driftar konsernet fire hotell, 14 restaurantar, to bakeri, i tillegg til Flåmsbanamuseet og Aurland Skofabrikk. Selskapet har også ein stor kommersiell avdeling som marknadsfører og seljer våre og andre aktørar sine produkt til gjester over heile verda. I Norway’s best Group AS verdset vi naturen, miljøet og dei lokalsamfunna vi opererer i. Ved å gjere vårt ytterste for å redusere vår miljøpåverknad og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer vi å bidra til ei framtidsretta og berekraftig reiselivsnæring. Våre ansatte er kjernen i verksemda og vi ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
44459af7-17b9-4cfb-bfff-88dbbed16026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
432171748
Lignende annonser
Leder Kundesenter
Arbeidsgiver
Norway`s best
Sted
Flåm
Leder Kundesenter
Arbeidsgiver
Norway's best AS
Sted
Flåm
Statsautorisert revisor
Arbeidsgiver
Revisorgruppen Fjordane As
Sted
Vestland