Dagleg leiar for frivilligsentral
Aurland kommune
Vangen 1, 5745 Aurland
Om jobben
- Stillingstittel
- Dagleg leiar for frivilligsentral
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 4. desember
Om stillinga
Aurland kommune etablerer Aurland frivilligsentral; ein møteplass og ressurs for frivillig aktivitet i lokalsamfunnet. Sentralen skal styrkje frivilligheit, fellesskap og inkludering i kommunen, og vere ein støtte for lag, foreiningar og einskildpersonar som vil bidra.
Vi søkjer etter dagleg leiar i 100 % stilling for eit to-årig engasjement/prosjektperiode, med tilsetjing etter avtale.
Du får ansvaret for å leie oppbygginga av friviligsentralen frå start og utvikle gode rutinar for drift og samspelet med frivillige og kommunale tenester. Stillinga krev evne til å arbeide sjølvstendig og målretta, med blikk for både innovasjon og kvalitet i gjennomføringa. Vi ser etter ein tydeleg, løysingsorientert person som trivst med å få ting til å skje.
Stillinga er i første omgang lagt til Aurland kommune og avdelinga forvaltning. Målet er at drifta blir overført til frivillig sektor etter prosjektperioden, anten ved at lag og organisasjonar tek ansvar for drifta, eller ved etablering av eit føretak med eige styre. I etableringsfasen har kommunen ansvar for oppstart, drift og oppfølging, og for å leggje til rette for vidareføring i frivillig regi.
Ved forvaltning er det 8 tilsette innan fagområda plan, byggesak, oppmåling, klima/miljø, næring, og kultur. Avdelinga forvaltning er ein av to avdelingar i kommunalområdet samfunnsutvikling. Vi held til på rådhuset på Aurlandsvangen. Lokaliseringa til frivilligsentralen er ikkje avgjort enno.
Arbeids- og ansvarsområde
- bygge opp og vidareutvikle Aurland frivilligsentral i tråd med nasjonale retningsliner frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
- vere bindeledd mellom frivillige, lag og foreiningar, næringsliv og kommunen
- initiere og koordinere frivillige aktivitetar og prosjekt
- bidra til rekruttering og oppfølging av frivillige
- samarbeide med kommunale avdelingar om utvikling og gjennomføring av tiltak, med særleg merksemd mot helse og omsorg samt oppvekst
- ansvar for dagleg drift, økonomioppfølging, rapportering og informasjon
- utarbeide plan for framtidig drift og overføring av ansvar til frivillige lag / organisasjonar
Vi tilbyr
- ei spanande og meiningsfull rolle der du får vere med og forme ein ny møteplass for frivilligheit i Aurland
- varierte arbeidsoppgåver med høve til å påverke tilbodet
- eit spennande, lærerikt og inkluderande arbeidsmiljø
- løn etter avtale – leiar i HTA kap. 4
- to-årig engasjement med moglegheit for vidareføring
- gratis inngang til trimrommet og bassenget i Aurlandshallen (mellombels velferdstiltak)
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
- relevant utdanning, til dømes innan samfunnsfag, kultur, helse, økonomi, sosialt arbeid, leiing eller liknande
- erfaring frå frivillig arbeid, prosjektleiing eller organisasjonsutvikling
- gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement og nettverk
- kjennskap til lokalt organisasjonsliv og offentleg forvaltning er ein fordel
- personlege eigenskapar er ein viktig del av kvalifikasjonsvurderinga for denne stillinga
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du har desse personlege eigenskapane:
- er initiativrik, sjølvstendig og løysingsorientert
- trivst med å jobbe med menneske i ulike livssituasjonar
- er tydeleg og samarbeidsorientert
- og evne til å motivere og engasjere
- likar utviklingsarbeid og er innovativ
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
Krav til språk
Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom vi meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Vi oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Vi ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
NB! Vi overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vere Noreg si fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 870 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal, Tyin og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8f4a72c2-3d17-458d-b6cd-0054c4afa82b
- Sist endret
5. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269261
Lignende annonser
Barne- og ungdomsarbeidar
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Sted
Flåm, Aurland
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Sted
Aurland
Personleg assistent
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Sted
Aurland