Bygg framtida i Hardanger og på Voss -- saman med oss i H2 Hardanger
H2 HARDANGER AS
Brynaskogen 25, 5705 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgivande ingeniør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. juni
Ledig stilling som:
-
Prosjekt- og byggjeleiar
-
Ing/ siv.ing RIB / RIV / RIVA
Vil du jobbe med spanande prosjekt -- utan å drukne i byråkrati og store system?
Vil du ha ein kvardag der det er kort veg frå idé til avgjerd, og der du faktisk kjenner folka du jobbar saman med?
Eller kanskje er du ein av dei som tenkjer at det hadde vore fint å flytte heim att -- til bygda, fjella, fjorden?
H2 Hardanger veks, og no ser me etter nye kollegaer innan fleire fagområde. Me ynskjer oss nye tilsette som prosjekt- og byggjeleiarar , og rådgivande ingeniørar innan RIB, RIV og RIVA.
H2 Hardanger er eit rådgjevande ingeniørselskap med kompetanse innan prosjektleiing, prosjektering og øvrige rådgjevartenester innanfor bygg. Verksemda arbeider både for byggherre og entreprenør, og tilbyr mellom anna prosjektering, prosjektleiing og byggjeleiing.
Arbeidsområdet vårt er heile Hardanger og Voss , og du kan ha kontorstad på Voss eller i Norheimsund. H2 har etablerte ingeniørkontor begge stader, der du vil finne gode arbeidsmiljø med kompletterande fagområder.
Kven er dette ei stilling for?Dette kan vere jobben for deg som:
-
ynskjer å flytte heim att til røtene dine -- og samtidig få ein spanande og meiningsfull jobb
-
vil jobbe i eit lokalt og ukomplisert ingeniørmiljø, der kvalitet og samarbeid betyr meir enn titlar og hierarki
-
ynskjer ein kvardag tett på natur, ski, fjell, fjord og friluftsliv, utan å måtte gi slepp på faglege ambisjonar
Hjå oss får du vere med på prosjekt som betyr noko i regionen -- og du får vere del av eit miljø der folk samarbeider tett og kjenner både kvarandre og marknaden dei jobbar i.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil variere noko ut frå bakgrunn og fagområde, men kan mellom anna omfatte:
-
prosjektleiing og byggjeleiing i små og store prosjekt
-
rådgjeving og prosjektering innan RIB, RIV eller RIVA
-
oppfølging av kundar, samarbeidspartnarar og prosjektgjennomføring
-
koordinering på tvers av fag og prosjekt
-
bidrag til å vidareutvikle eit sterkt lokalt fagmiljø på Voss og i Hardanger
Hjå oss får du ein arbeidskvardag der du kjem tett på både folk og prosjekt. H2 Hardanger arbeider innan fleire delar av byggjebransjen og har tenester innan både prosjektering, prosjektleiing og kontroll.
Me trur mange søkjer seg til oss fordi dei ynskjer:
-
ein meir oversiktleg og jordnær arbeidskvardag
-
større nærleik til prosjekta dei jobbar med
-
høve til å påverke og ta ansvar
-
ein jobb som kan kombinerast fritidsaktivitetar og nærleik til natur
Her får du høve til å vere med på å utvikle både prosjekt, fagmiljø og region.
Kort oppsummertMe ser etter deg som vil vere med og byggje vidare på eit lokalt rådgjevingsmiljø i Hardanger og på Voss -- anten du er ein erfaren fagperson som står støtt i rolla di, eller ein praktisk og lærevillig person som vil vidare.
Kontorstad: Voss eller Norheimsund
Arbeidsområde: Hardanger og Voss
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
974e4777-924f-4aa1-ac5e-3f48c3b5f78f
- Sist endret
15. juni 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
466002709