Læreplassar helsefagarbeider 2025
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1987, 2940 Heggenes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Læreplassar helsefagarbeider 2025
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. mars
Øystre Slidre kommune har 1 ledig læreplass i helsearbeidarfaget frå hausten 2025.
Som lærling hjå får du ein plan for opplæringa, og du får mellom anna jobbe på institusjon, i heimetenesta, i tilrettelagte tenester og på dagsenter. Vi har dyktige og erfarne rettleiarar som kan hjelpe deg gjennom opplæringsløpet. Vi har eit nytt helsetun, somligg sentralt på Heggenes.
Som lærling skriv du lærekontrakt og arbeidsavtale. Du har dei same rettane og pliktene som andre arbeidstakarar i kommunen.
Etter 2 år som lærling går du opp til fagprøve. Øystre Slidre kommune er tilknytta Valdres opplæringskontor.
Søkjarar til læreplass må sende søknad med vitnemål/karakterar frå Vg1 og Vg2 (kan leggast til i webcruiter). Gje ein kort beskriving av kven du er, og skriv gjerne kvifor du ynskjer læreplass i vår kommune.
Arbeidsoppgåver
- Ein helsefagarbeidar har varierte arbeidsoppgåver og har kontakt med menneske i ulike aldrar. Helsefagarbeidaren skal kunne yte profesjonell helsehjelp, og arbeidsoppgåvene vil variere etter pasienten/brukaren sitt behov.
- Døme på oppgåver er: omsorg, miljøarbeid, praktisk pleie, ernæring, dele ut medisinar etter gjeldande rutine, og å bidra til at pasient/brukar kan meistre kvardagen og ha god livskvalitet.
- Som lærling får du god opplæring i dei oppgåvene ein helsefagarbeidar skal kunne utføre, slik at du kan gå opp til fagprøve når læretida er over.
- Som helsefagarbeidar kan du mellom anna jobbe på sjukeheim, heimeteneste, sjukehus, i psykiatrien og i rusomsorgen.
Kvalifikasjonar
- Bestått teori innan faget og registrert i VIGO
- Det er krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Du bør vere motivert for å vere lærling, og for å tileigne deg kunnskapen du treng gjennom læretida
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting
Vi tilbyr
- Midlertidig tilsetjing i læretida på to år og løn som lærling
- Kvalifiserte og dyktige rettleiarar
- Eit hyggeleg læringsmiljø
- Eit variert og utfordrande arbeid
Det kan vurderast å ta inn fleire lærlingar om det er mange søkjarar
Kontaktinformasjon
Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, 95940309Rannveig Hovi, Personalrådgjevar, 97523841
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19872940 Storefoss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4924000022
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 16.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Rannveig Hovi
Personalrådgjevar
97523841
Ingrid Nordli
Tenesteleiar institusjonstenester
95940309
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2868366
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8654bc98cea74deda70428d7c9846170