Hopp til innhold

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver

Sunnylven distrikt, Stranda kommune

Sted

Hellesyltvegen 17, 6218 Hellesylt

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Sunnylven og Geiranger distrikt består av døgnbemanna omsorgsbustader i Geiranger med 9 leiligheiter og i Sunnylven med 23 leiligheiter samt heimetenester og matombering til eit varierande tal heimebuande i begge bygdelaga. 

Vi har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå dags dato

Den som vert tilsett er avdelingsleiar for begge omsorgsbustadane, med oppmøtestad Sunnylven omsorgssenter. Avdelingsleiaren skal vere ved Geiranger omsorgssenter ved behov.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Sækjar vert varsla om dette vert gjort, jf Offentleglova § 25. 


Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar
  • Personalansvar og sjukefråværsoppfølging
  • Ansvar for turnus, innleige av personale og andre merkantile oppgåver
  • HMS og internkontroll
  • Legge til rette for godt samarbeid mellom brukarar, pårørande og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Bidra aktivt til fagleg og organisatorisk utvikling

Kvalifikasjonar

  • Relevant helsefagleg høgskuleutdanning på bachelornivå, fortrinnsvis sjukepleiar eller vernepleiar med norsk autorisasjon
  • Leiarutdanning og/eller relevant leiarerfaring er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og framstå samlande i personalgruppa
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Positiv og imøtekomande

Vi tilbyr

  • Fast arbeidstid
  • Godt arbeidsmiljø med flinke og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183

Arbeidsstad

Hellesyltvegen 17
6218 Hellesylt

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5074010737
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Elisabeth Jelle

Einingsleiar

+47 46411183

Om bedriften

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9726b0a4-e805-482b-95b8-bd8be73a2294

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e64e3455797449d28556b4902331dec1

Lignende annonser

Helsefagarbeidar - Sunnylven distrikt

Arbeidsgiver

Sunnylven distrikt, Stranda kommune

Sted

Hellesylt