Lege i spesialisering (LIS3)
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering (LIS3)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Pskykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering. lokal sikkerheitspost og ambulant sikkerheitsteam. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.
Mars 2021 flytta vi inn i nybygg ved sentralsjukehuset i Førde, med 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP.
Med nærleik til Førde sentralsjukehus, sengepost ungdom (UPH) og Førde BUP, vil det vere mogleg å få all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde. Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forsking og utvikling. NORSE tilbakemeldingssystem er utvikla ved vår avdeling.
LIS3 stillinga er ledig frå snarleg/etter nærmare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
- Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
- Delta i 9-delt vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
- LIS3 får utarbeidd eigen utdanningsplan tidleg i utdanningsløpet i henhold til oppnåing av læringsmål knytt til spesialiseringsløpet i psykiatri.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Søkjar må ha førerkort i klasse B
- Søkjar utan godkjent LIS1 teneste, men med relevant praksis kan vurderast til engasjement
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstilegg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Etter nærare avtale kan vi vere behjelpeleg med å skaffe bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sigmund Erling Bjørhovde, Seksjonsleiar Legar PSK, (+47) 900 37 348Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4966852537
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Sigmund Erling Bjørhovde
Seksjonsleiar Legar PSK
(+47) 900 37 348
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2937748
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bfab32bc8bde49428b691c50e4b7b510