Kyrkjemusikar/Organist
Samnanger Sokn
Hagabakkane 1, 5650 Tysse, Hybridkontor
Om jobben
Samnanger sokn søkjer kyrkjemusikar/organist til speling på gudstenester og kyrkjelege handlingar i Ådland og Haga kyrkje. Kyrkjemusikaren har hovudansvar for den musikalske verksemda i kyrkjene. Kyrkjelyden ønsker at kyrkjemusikaren/organisten skal bidra til breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet.
Stillingstittel
Organist
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Send søknad til
Hva vi ser etter
Høgare utdanning i musikk.
Dugleik på orgel og piano.
Kunna leia band/ musikkgrupper/ songgrupper/ kor.
Erfaring med kyrkjemusikalsk arbeid.
Medlemskap i DNK.
Personlege eigenskaparKreativitet
Positivitet
Fleksibilitet
Evne til sjølvstendig arbeid og initiativ.
Evne til å planleggja, organisera og gjennomføra.
Gode samarbeidsevner og sosiale evner.
Arbeidsoppgaver
ArbeidsoppgåverAnsvar for den musikalske verksemda i kyrkjene: Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar.
Leia lovsongsteam/ musikkgrupper.
Musikk ved institusjonsandaktar.
Medansvar for å utrusta og rettleia frivillige medarbeidarar til kyrkjemusikalsk teneste.
Forvalta og levandegjera tradisjonell og ny kyrkjemusikk og arbeida for breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet.
Kyrkjemusikaren har frihelg minst ein gong i månaden. Me legg vekt på fleksibilitet og mogeligheit for vikarar når organisten ynskjer fri.
Instrument/ musikkutstyr:På Ådland har me eit Bruno Kristensen orgel med 17 stemmer, 2 manualar og pedal. I tillegg har me piano av merke Yamaha. Begge er gode instrument.
På Haga har me eit flygel av merke Yamaha og eit lite elektronisk orgel med to manualar og pedal av merke Johannus, el. piano og synth. Det vert ofte nytta band/orkester i gudstenesta der. (Tangent, slagverk, gitarar og synt m.m. Me har to lovsongsteam som byter på å ta del her.) Det er godt lydanlegg i kyrkja: digital miksar med 32 kanalar og Nexo høgtalaranlegg.
Vi tilbyr
Triveleg arbeidsmiljø.
Varierte arbeidsoppgåver.
Løn etter avtale i kyrkjeleg sektor. (KA sitt tariffområde)
Pensjonsordning i KLP.
Stor grad av fleksibilitet.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Samnanger er ein liten kommune mellom Bergen og Hardanger, ca. 45 min å køyra frå Bergen sentrum. Me har knapt 2500 innbyggjarar. Det er gode tilhøve for friluftsliv i bygda, både ved fjorden og på fjellet. Kommunen har barneskule, ungdomsskule, aktiv kulturskule og godt korpsmiljø.
Me har to kyrkjer, ei på Ådland frå 1851 og ei på Haga frå 1995. På Ådland har me gudstenester, bryllaup, gravferder og konsertar. På Haga har me gudstenester, barne- og ungdoms-arbeid, diakoni-arbeid, bryllaup, konsertar og samlingar av ulike slag. Der held også kyrkjekontora til.
Kyrkjestaben elles er: Prest, kyrkjetenar, kyrkjeverje, tre trusopplærings-medarbeidarar og sekretær. Dei fleste i deltidsstillingar. I tillegg har me mange uløna medarbeidarar.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2772340
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
96e3d6af-9edb-423b-96bd-2aa9d4ea91ab