Kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar i Seljord sokn
Seljord Sokn
3840 Seljord
Om jobben
- Stillingstittel
- Kirketjener
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid og kveld, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. mars
Send søknad til
Som kyrkjetenar i Seljord sokn får du ein variert arbeidskvardag med alt frå utearbeid på kyrkjegarden med graving, plenklypping, snøbrøyting osv., til tilrettelegging i kyrkja ved gudstenester, gravferd, vigslar og andre arrangement. Ein må rekne med arbeid i snitt annankvar helg, og på høgtidsdagar som til dømes jol og påske. Næraste overordna er kyrkjeverja.
For den rette søkjaren kan rolle som driftsleiar, med noko meir administrativt arbeid i høve til vedlikehald, bygg- og gravplassforvaltning, samt stadfortredar for kyrkjeverja ved til dømes ferieavvikling, inngå som ein del av stillinga.
Arbeidsoppgåver:
· Administrative oppgåver delegert frå kyrkjeverja, knytt til drift, bygg og vedlikehald og gravplassforvaltning
· Praktisk tilrettelegging i kyrkjebygga før og undervegs i gudstenester, gravferd, vigsel, konsertar osv.
· Vaktmeisterteneste og vedlikehaldsoppgåver knytt til kyrkjegard, kyrkjebygg, maskinar og utstyr.
· Grasklypping, snøbrøyting, strøying.
· Graving
· Reinhald
Kvalifikasjonar:
· Maskinførarbevis for gravemaskin (M2) og hjullastar (M4)
· Førarkort kl. BE
Personlege eigenskapar:
· Sjølvstendig
· God til å samarbeide
· Pliktoppfyllande
· Praktisk anlagt
· Fleksibel og serviceinnstilt
· Systematisk og god ordenssans
· Imøtekommande og likar å jobbe med menneske
Anna:
· Søkjarar må vere medlem av Den norske kyrkja.
· Må beherske norsk munnleg og skriftleg.
Vi tilbyd:
· Variert arbeidskvardag
· Løn etter KA sitt avtaleverk.
· Pensjonsordning i KLP.
Søknad og CV kan sendast til: Seljord sokn, Brøløsvegen 13A, 3840 SELJORD, eller på e-post til: post@seljordkyrkje.no.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Kyrkjeverje Petter Jakobsen, tlf.: 909 51 409 eller e-post: petter@seljordkyrkje.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Seljord sokn ligg i Seljord kommune i Øvre Telemark prosti. Seljord kommune har om lag 3 000 innbyggjarar, fordelt på fleire bygder/tettstader. I soknet er det tre kyrkjer med tilhøyrande kyrkjegardar, samt eit kapell: Seljord kyrkje frå kring 1180, Flatdal kyrkje frå 1654, Åmotsdal kyrkje frå 1792 og Manndal kapell frå 1954. I tillegg I tillegg blir det feira gudstenester i private kapell, bedehus og i friluft.
Dei faste stillingane som utgjer staben i Seljord sokn er sokneprest, diakon, organist/kantor, kyrkjeverje/dagleg leiar og to kyrkjetenarar/kyrkjegardsarbeidarar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
96dca49c-5f92-47c5-aec3-1eae0680b4c7
- Sist endret
12. mars 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
96dca49c-5f92-47c5-aec3-1eae0680b4c7