Avdelingsleiar 2 x 100 %
Ørskog skule
Ryssebøvegen 2, 6240 Ørskog, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Vi søker deg som vil vere med på å legge til rette for eit trygt og utviklande læringsmiljø for alle elevane ved Ørskog skule. Vi har ledig 2 x 100 % fast stilling som avdelingsleiar, og søker deg som er positiv og engasjert i skule. Du vil inngå i eit leiarteam på 6 personar; rektor, assisterande rektor, SFO-leiar og 3 avdelingsleiarar.
Ørskog skule stod ny i 2018, og har gode fasilitetar til å drive ei moderne og tilpassa undervisning. Vi er ein 1.-10. trinn skule og har inneverande skuleår 260 elevar. Skule og SFO er godt organisert, og nyttar skulelokala og uteområda på ein kreativ og inspirerande måte.
Skulen sitt uteområde er stort og variert. Idrettsanlegg, stall, sjø, elv, skog og fjell utgjer samla vårt uteklasserom, som kan nyttast i opplæringa .
Elevar har gjennom valfag bygd færingar som vi har i eige naust, og vi har oppretta Fjordbasen med båt og utstyr til å kunne drive fiske. Dette gir oss gode moglegheiter til varierte og praktiske læringsarenaer.
Vi har eit dyktig og engasjert kollegium som samarbeider i team for å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane. Fagleg inkludering og ei praktisk tilnærming i opplæringa er ein del av skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid inneverande skuleår.
Arbeidsoppgåver
- Organisere skulen sitt arbeid etter læreplan og gjeldande avtaleverk.
Dette innebærer blant anna oppfølging av team; årsplan, timeplan, organisering av drift ved fråvær, oppfølging av tilsette og medarbeidarsamtalar. - Støtte og rettleie dei tilsette i det pedagogiske arbeidet.
- Oppfølging av elevane si læring og trivsel.
- Følge opp elevar i samarbeid med team, kontaktlærar, foreldre, og i samarbeid med andre aktørar som PPT, BUP, Barnevern og skulehelsesjukepleiar.
- Administrasjon av individuelt tilrettelagt undervisning.
- Vere med å leie og bidra i organisasjonsutvikling og pedagogisk utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning.
- Leiarerfaring frå skule som f. eks. teamleiar og avdelingsleiar.
- Tilleggsutdanning i skuleleiing er ønskeleg.
- God digital kunnskap og praksis. Gjerne erfaring med IST, itslearning og timeplanleggingsprogram.
- Undervisningskompetanse på småskule, mellomsteg eller ungdomssteg.
- Ønskeleg med rettleiarerfaring.
- Tilleggsutdanning innan spesialpedagogikk/sosialpedogikk er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
- Utstråler glede i arbeidet til det beste for barn og unge.
- Evner å bygge tillit og gode relasjonar.
- Er tydeleg og strukturert.
- Tar initiativ og har evne til å vere innovativ.
- Har stort engasjement for å kommunisere, involvere og gjennomføre
- Har god systemforståing.
- Er opptatt av organisasjons- og profesjonsutvikling.
Vi tilbyr
- Ei spennande leiarstilling i eit fagleg sterkt profesjonsfellesskap.
- Reelt leiaransvar for dyktige medarbeidarar.
- Muligheit til å vekse og utvikle seg i profesjonelle læringsfellesskap.
- Ny og tilrettelagt skule med eit fantastisk nærområde, som gir muligheit for variert og tilrettelagt undervisning.
Kontaktinformasjon
Kjell-Øyvind Aarseth, Rektor, 995 35 393Arbeidsstad
Ryssebøvegen 26240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4969197307
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Kjell-Øyvind Aarseth
Rektor
995 35 393
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2943995
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8308c9b059d947b3a3ce081b25b50940