Lærling i helsefagarbeidarfaget
Bømlo kommune
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Lærling i helsefagarbeidarfaget
Oppstart
19. august 2024
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
8
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. desember
Drømmer du om å bli lærling i helsefagarbeidarfaget?
Å vera lærling betyr at du utdanner deg til eit yrke i helsefag ved å jobba i ein bedrift der du får opplæring og praksis i eit fag. Dette er eit yrkesretta utdanningsløp som blir avslutta med ein fagprøve etter 2 år. Med bestått fagprøve får du dokumentasjon på din teoretiske og praktiske kunnskap, og kan søka på fagarbeidarstillingar.
Arbeidsoppgåver
Hos oss vil du ta del i og få opplæring i ordinære arbeidsoppgåver for fagområdet. I Bømlo kommune er me oppteken av at du skal oppleva meistring gjennom læretida.
Kvalifikasjonar
- Gjennomført og bestått VG1 og VG2 i helsefaget.
- God skriftleg og munnleg norskkunnskap.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som kjenner deg igjen i disse punktene:
- Du er motivert og engasjert.
- Du tar i mot rettleiing for fagleg og personleg utvikling.
- Du samarbeider godt med andre.
- Du er imøtekommande, høfleg, positiv og serviceinnstilt.
- Du er pliktoppfyllande og initiativrik i arbeidet ditt.
- Du trivs i eit aktivt arbeidsmiljø og toler høgt arbeidstempo.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Me ynskjer å tilby deg som lærling ein interessant og utviklande jobb i eit positivt arbeidsmiljø.
- Eigen instruktør, god opplæring og elektronisk oppfølgingsverktøy.
- God offentleg pensjonsordning.
Som lærling får du òg lønn etter følgjande modell:
1.halvår: 30% av fagarbeidarlønn – kr 124.590
2.halvår: 40% av fagarbeidarlønn – kr 166.120
3.halvår: 50% av fagarbeidarlønn – kr 207.650
4.halvår: 80% av fagarbeidarlønn – kr 332.240
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med John Helge Møgster, rådgjevar.
Kontaktinformasjon
John Helge Møgster, Rådgjevar, +47 907 69 739, john.helge.mogster@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Leirdalen 15430 BREMNES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4742414055
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 19.08.2024
Sluttdato: 18.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2534732
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e79b54e765f740ea8dc9cc24f643d39b