Sjukepleiar
Lunge post - Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Vil du vere med på å gje pasientar med komplekse lungelidingar den beste behandlinga? Då er Lungeseksjonen staden for deg!
Lungeseksjonen er ein del av Hjarte- og lungeavdelinga. Lungeseksjonen består av ein sengepost med 13 senger og poliklinikk.
Vi har no ledig ei fast stilling som sjukepleiar i 3-delt turnus fra august -25. Her får du jobbe i eit godt miljø, der vi legg vekt på kvalitet og samarbeid. Du blir ein del av eit team som jobbar tett saman for å gje pasientane våre den beste behandlinga.
Vi tar imot og behandlar pasientar med samansette og komplekse lungelidingar som KOLS, respirasjonssvikt og lungekreft. Vi legg vekt på høg fagleg kvalitet i arbeidet og jobbar tett saman i tverrfaglege team for å sikre best mogleg pasientbehandling. I avdelinga har vi eigne fasilitatorar som gjennomfører årlege HHLR-simuleringar, samt vekentlege øvingar knytt til NEWS og akutte situasjonar.
Seksjonen samanbeitar med medisinsk intermeidær overvåkning (MIO). MIO er ein spesialpost for akutte medisinske tilstander som treng overvakning, til dømes akutt respirasjonsvikt som treng maskebehandling.
Ved poliklinikken vår har vi høg aktivitet med over 5000 årlege konsultasjonar. Her utgreier og behandlar vi mellom anna sjukdomar som lungekreft, KOLS, astma, sarkoidose, lungefibrose og andre sjeldnare lungelidingar. Vi har sjukepleiarar som er spesialiserte til å arbeide med lungekreft, tuberkulose og heimesjukehus til pasientar med respirasjonssvikt.
Det er mulig å bli tilsett i vikariat eller i redusert stilling dersom ønskeleg. 👉 Vi gler oss til å motta din søknad!
Hos oss får du arbeide med
- Utgreiing, pleie og behandling av pasientar
- Oppfølging av pårørande
- Iverksetting av sjukepleiertiltak
- Samhandling med kommunen
- Veiledning av studentar og kollegaer
- Deltaking i utviklings- og forbetringstiltak
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sykepleier.
- Relevant erfaring med lungepasientar
- Relevant sjukehuserfaring er ein fordel.
- Kjennskap til, eller interesse for å lære meir om, hjartepasientar, lungesjukdomar og akutt kritisk sjuke.
- Gode norskkunnskaper er avgjørende for forsvalig pasientbehandling. Søker som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikke har fullført norskspråklig videregående skole, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annen norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedlegges søknaden. Ved tilsetting av allerede fast tilsett i foretaket kan en unntaksvis, i særlige tilfeller, fravike kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- Har eit godt lag med folk.
- Bidrar til gode og trygge pasientforløp.
- Har evne til å motivere og engasjere.
- Er profesjonell og empatisk i møte med pasientar, pårørande og kollegar, og samarbeider godt med dei.
- Held deg roleg og objektiv i stressande, eller krevande situasjoner.
- Er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og får gjerne hjelp.l
- Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver.
- Trivs med å jobbe på tvers av fag og yrkesgrupper.
- Ser etter løysingar.
- Har godt humør.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Kvifor kome til oss?
- Som nytilsett får du eit tilpassa opplæringsprogram slik at du skal føle deg trygg og ivaretatt
- Du blir ein del av eit aktivt og positivt arbeidsmiljø med dyktige og hyggelege kollegaer. Kvardagen vår er full av nye oppgåver og utfordringar som vi løyser med felles kompetanse.
- Hos oss får du høve til å utvikle deg fagleg. Vi vil kunne gi deg støtte til relevante vidareutdanningar, blant anna innan lunge-, kreft-, palliasjon- og intensivsjukepleie.
- Du kan få kombinere arbeidet på sengeposten med poliklinisk arbeid. Dette forutset kompetanse og ønske om ein slik kombinasjonsstilling. Alle som jobbar dagteneste i poliklinikken, jobbar også i sengeposten.
- Med riktig kompetanse og erfaring kan du få anledning til å kombinere arbeidet mellom sengepost og medisinsk intermediær overvakning (MIO).
- Vi har ein 12-månaders kalenderplan som gir rom for involvering.
- Individuelle kompetanseplanar i tråd med behov i organisasjonen.
Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden.
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Ranveig Neset Enerstvedt, Funksjonsleder , 98879205, ranveig.neset.enerstvedt@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4974298369
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted