50% Fagutviklar VG2 ambulansefag
Prehospital avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagutviklar VG2 ambulansefag
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Prehospital avdeling søkjer ein engasjert og fagleg sterk fagutviklar og lærar i 50% fast stilling knytt til VG2 ambulansefag.
Dette er ein unik moglegheit for deg som ønskjer å kombinere operativ erfaring med undervisning og fagutvikling- og som brenn for å løfte neste generasjon ambulansearbeiderar.
🚑 Kva inneber jobben?
Du vil få ei nøkkelrolle i å:
- Undervise og følgje opp elevar på VG2 ambulansefag
- Skape engasjerande og praksisnær undervisning i faga Yrkesfagleg fordjupning (YFF) og Yrkesliv i ambulansefag
- Følgje opp elevar i praksisfeltet og bidra til trygg fagleg utvikling
- Samarbeide med andre fagutviklarar om undervisning og utviklingsarbeid i avdelinga
Du blir ein viktig del av eit fagmiljø som jobbar for kvalitet, utvikling og framtidsretta opplæring i ambulansefaget.
👩⚕️Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
- Har solid erfaring frå ambulansefaget og ønskjer å dele kunnskapen vidare
- Har pedagogisk kompetanse, eller ønskjer å utvikle denne
- Er strukturert, samarbeidsorientert og har eit brennande engasjement for faget
📌Praktisk informasjon
- 50% fast stilling, tenkt kombinert med 50% operativ drift
- Ønskjeleg oppstart: 01.08.2025
- Arbeidsstad: Førde - noko reiseverksemd må påreknast
Arbeidsoppgåver
- 50/50 fagutviklar / lærar og operativ drift i ambulansetenesta. I sommarferien vil ein føretrekkje operativ drift på ambulansebil etter gjeldande årsplan.
- Undervisning for VG 2 ambulansefag elevar - fortrinnsvis måndag er undervisningsdag. I arbeidstidsavtale vert det utrekna tid til for- og etterarbeid og samarbeid.
- Onsdagar er utgangspunkt for samarbeidstid med Førde vgs.
- Eksamensperiode og tverrfagleg prøveeksamen.
- Delta på planleggingsdagar, foreldremøte, informasjonsmøte, utdanningsmesse
- Delta på eksamensmøte og kurs for stilling
- Fag- og prosjektarbeid med mål om kompetanseutvikling i ambulanseteam
- Delta i trinn-utsjekk og tenesta sine kurskonsept
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar
- Førarkort kl. B og C1
- Utrykkingskompetanse K160 og bestå regelmessig vedlikehaldstrening/ regodkjenning
- Søkjar må ha gyldig trinn 2 status.
- Ønskeleg med vidareutdanning på høgskule/universitet.
- Erfaring med undervisning og rettleiing i ambulansefaget.
- I vidaregåande opplæring er det krav om å ha fullført Praktisk Pedagogisk Utdanning (PPU-Y) eller Yrkesfaglærarutdanning. Søkjarar som ikkje oppfyller krava kan tilsetjast på vilkår om at ein tar pedagogisk utdanning.
- IKT kompetanse og erfaring med MS Officeprogram
Personlege eigenskapar
- Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar
- Trivst med å jobbe i eit team med tidvis hektisk og høg aktivitet.
- Pliktoppfyllande
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- God fysisk og psykisk helse.
- Villig til kontinuerlig å søkje fagleg utvikling og delta i kurs og fagaktivitetar i regi av føretaket sin vedtatte kompetanseplan.
- Det er ein fordel at ein har vore lærling (gått læreløpet)
- Du er god til å danne relasjonar med elevar og andre tilsette.
- Vi søkjer ein person som er har gode samarbeidsferdigheiter, og er løysings og utviklingsorientert.
- Du har evna til å setje deg inn i nyvinnande fagkunnskap innan fagfeltet og i lærarprofesjonen.
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Triveleg arbeidsmiljø, med høve til å påvirke eigen arbeidsplass
- Fagleg og personleg utvikling
- Kompetanseutvikling i form av fagstige
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Per-Erik Eide Hjelle, Opplæringsansvarleg, (+47) 415 30 515Stian Sægrov, Avdelingssjef, (+47) 415 30 512
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4968087607
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 15.06.2025
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
96a44850-55e6-4ac1-b336-52999168a573
- Hentet fra
talentech
- Referanse
072e24cb54b045148e32d4a54efd91f6