Hopp til innhold

Brannsjef 100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Tekniske tenester, Sykkylven kommune

Sted

Haugsetvegen 41, 6230 Sykkylven

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Brannsjef 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 21. juni

Sykkylven kommune søker ein handlekraftig og fagleg trygg brannsjef i 100 % fast stilling. Dette er ei spennande leiarstilling for deg som vil kombinere operativ forståing, førebyggande arbeid og strategisk utvikling av eit lokalt brann- og redningsvesen med viktige samfunnsoppgåver.

Hos oss får du ei nøkkelrolle i eit brannvesen i utvikling – med kort veg frå idé til handling, tett samarbeid med dyktige deltidsmannskap og stor påverknad på korleis brann- og redningstenesta skal utviklast vidare.

Stillinga er planlagt fordelt slik:
38 % brannsjef / leiar av brann- og redningsvesenet
38 % leiar for førebyggande arbeid
24 % førebyggande arbeid

Brannsjefen vil ha eit overordna ansvar for leiing, utvikling og systematisk styring av brann- og redningsvesenet i kommunen. Samtidig vil stillinga ha ei praktisk og fagleg rolle innan førebyggande arbeid, tilsyn, planlegging og oppfølging. Dette er ei stilling for deg som trivst både med leiing, struktur, fag og folk.


Arbeidsoppgåver

Som brannsjef får du ansvar for å:

  • leie og vidareutvikle Sykkylven brann og redning
  • sikre at brann- og redningsvesenet er organisert, bemanna, utrusta og øvd i samsvar med gjeldande krav
  • ha ansvar for systematisk styring, internkontroll, planverk og rapportering
  • følgje opp ROS-analyse, førebyggandeanalyse, beredskapsanalyse og anna nødvendig dokumentasjon
  • vere leiar for det førebyggande arbeidet i kommunen
  • planleggje, gjennomføre og følgje opp førebyggande tiltak, tilsyn og informasjonsarbeid
  • bidra til god samhandling med 110-sentral, politi, helse, nabobrannvesen, DSB, Statsforvaltaren og andre relevante aktørar
  • følgje opp øving, kompetanseutvikling og læring etter hendingar
  • bidra inn i kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap
  • delta i kommunen si kriseleiing
  • førebu saker, vurderingar og rapportering til administrativ og politisk leiing ved behov
  • kan inngå i overordna vaktberedskap

Kvalifikasjonar

  • Vi søker ein kandidat som oppfyller kvalifikasjonskrava til leiar av brann- og redningsvesen.

    Det er krav om:
    Yrkesutdanning i førebyggande brannvern og kurs i overordna vaktberedskap og innsatsleiing, og anten ha
  • universitets- eller høgskuleutdanning på bachelornivå
  • kvalifikasjonar som leiar av førebyggende arbeid og minst to års erfaring som leiar, eller
  • kvalifikasjonar som leiar av beredskaps arbeid og minst to års erfaring som leiar

Vi ønskjer at du har:

  • relevant leiarerfaring
  • god kjennskap til brann- og redningsfagleg arbeid
  • erfaring frå førebyggande arbeid, beredskap, øving eller tilsyn
  • evne til å arbeide systematisk med lovverk, dokumentasjon og planverk
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • god digital kompetanse
  • førarkort klasse B

Søkjarar som ikkje har alle formelle kurs på plass, men som elles har relevant bakgrunn og er villige til å gjennomføre nødvendig utdanning, vert også oppmoda om å søkje.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er trygg, tydeleg og samlande som leiar
  • likar å skape struktur og framdrift
  • har god rolleforståing og høg integritet
  • evnar å kombinere praktisk brannfagleg forståing med strategisk utviklingsarbeid
  • er god til å samarbeide med både mannskap, administrasjon, politisk nivå og eksterne aktørar
  • trivst i ein liten organisasjon der ein må vere både leiar, fagperson og pådrivar
  • har engasjement for førebyggande arbeid og samfunnstryggleik

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • ei sentral og meiningsfull leiarstilling i Sykkylven kommune
  • høve til å påverke utviklinga av brann- og redningsvesenet i kommunen
  • varierte oppgåver innan leiing, beredskap og førebyggande arbeid
  • tett samarbeid med engasjerte og kompetente medarbeidarar
  • ein organisasjon med korte linjer og stor moglegheit til å få ting gjort
  • løn etter avtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • fleksibel arbeidssituasjon innanfor stillinga sine rammer

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Odd Jostein Drotninghaug, kommunalsjef samfunn, 93255516, odd.jostein.drotninghaug@sykkylven.kommune.no
Kristian Trandal, Teknisk sjef, +47 47719661, kristian.trandal@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugsetvegen 41
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5138084500
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 21.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Kristian Trandal

Teknisk sjef

+47 47719661

kristian.trandal@sykkylven.kommune.no

Odd Jostein Drotninghaug

kommunalsjef samfunn

93255516

odd.jostein.drotninghaug@sykkylven.kommune.no

Om bedriften

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

969ebcc5-7ade-477a-b698-8b1f96684a29

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0eaa4ea37cec41009d97d56d1f5203e8

Lignende annonser

Laster lignende annonser