Hopp til innhold

Rådgjevar/seniorrådgjevar - studentinnovasjon - HVL Skape

Arbeidsgiver

Høgskulen på Vestlandet

Sted

Bjørnsonsgate 45, 5528 Haugesund, Inndalsveien 28, 5063 Bergen, Klingenbergvegen 4, 5414 Stord, Røyrgata 6, 6856 Sogndal, Svanehaugvegen 1, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - studentinnovasjon – HVL Skape
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. november

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring, har ledig fast 100% stilling som innovasjonsrådgjevar 

HVL Skape (www.hvlskape.no) gir studentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) høve til å arbeide med innovasjon og entreprenørskap utanom den ordinære undervisninga. Tilboda er opne for alle studentar, uansett kva studium eller campus dei tilhøyrer. 

Vi søkjer no ein studentinnovasjonsrådgjevar som vil vere sentral i arbeidet med å vidareutvikle HVL Skape, med særleg fokus på samskaping med offentlege tenester innanfor mellom anna skule, oppvekst, helse- og sosiale tenester. Arbeidet vil skje i samarbeid med kollegar på tvers av einingar og fagmiljø i HVL, og i samarbeid med relevante eksterne aktørar. 

HVL Skape er ein del av Avdeling for samfunnskontakt. Avdelinga skal drive fram samarbeidet mellom HVL og  arbeids-, nærings- og samfunnsliv, styrke HVL sin posisjon i regionen og gjere HVL meir synleg som kunnskaps- og kompetanseaktør. Stillinga vi no lyser ut, vil vere særleg knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap og Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. 

Arbeidsstad for stillinga vil vere ein av HVL sine fem campus: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord. Noko reising må påreknast.  


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Leggje til rette for studentinnovasjon og entreprenørskap gjennom HVL Skape
  • Bidra til å styrke HVL sin posisjon når det gjeld studentinnovasjon og entreprenørskap
  • Prosjektleiing, inkludert prosjektutvikling, gjennomføring, evaluering og rapportering
  • Ha særleg ansvar for arbeid inn mot Fakultet for helse- og sosialvitskap og Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
  • Ha særleg ansvar for studentinnovasjonsarbeid retta mot offentleg sektor
  • Arbeide for styrka innovasjons- og entreprenørskapskultur blant studentar 
  • Rettleie studentar med eige innovasjons- og gründerprosjekt 
  • Administrere interne program/satsingar for studentinnovasjon
  • Arbeide for eksternfinansiering av HVL Skape-aktivitetar 
  • Arrangement og aktivitetar i regi av HVL Skape, inkl. koordinering, planlegging, og gjennomføring
  • Samarbeide med arbeidslivet i regionen kring studentinnovasjon, mellom anna gjennom å skape felles møteplassar 

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant mastergrad 
  • Erfaring med innovasjons- og entreprenørskapsarbeid
  • Prosjektleiarerfaring
  • Gode formidlingsevner og god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, eventuelt anna skandinavisk språk
  • Kjennskap til høgare utdanningssektor og/eller HVL sitt samfunnsoppdrag

 

Ønska erfaring/eigeskapar:

  • Kjennskap til innovasjonsprosessar i offentleg sektor og/eller helsetenesteinnovasjon er ein føremon 
  • Kjennskap til arbeids- og næringsliv i regionen 
  • Erfaring med studentrettleiing og/eller arbeid med studieprogram 
  • Erfaring med tilskotsordningar og eksternfinansiering 
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid 

 

Personlege eigenskapar:

  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Har evne til å arbeide strukturert og systematisk
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Det er for tida stort fokus på systematikk, metodikk og dokumentasjon i studentinnovasjonsarbeidet i HVL. Dette både for å kunne måle resultat og for meir føreseielegheit i arbeidet. Den føretrekte kandidaten kunne bidra positivt til dette arbeidet. 


Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1434 - rådgjevar. Stillingskode 1364 - seniorrådgjevar kan vurderast ved særleg gode kvalifikasjonar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.  Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

John Tveit, Avdelingsleiar i Avdeling for samfunnskontakt

tlf nr. 980 28 771


Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Om bedriften

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

96874f00-fbc3-4681-9841-349e6ff78add

Sist endret

19. oktober 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10313053

Lignende annonser

Laster lignende annonser