Helsefagarbeidar i heimebaserte tenester - faste stillingar
Aurland kommune, pleie og omsorg
Vangen 1, 5745 Aurland, Aurland
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Antall stillinger
2
Sjå brosjyra vår: https://www.visbrosjyre.no/Aurland_kommune/MailView/ og rekrutteringsfilm:
https://youtu.be/aFXLAnqaUbI
Kvifor arbeide i Aurland kommune? Me ligg sentralt med kort veg til både Sogndal, Førde, Voss og Bergen. Det er lett å kome seg til Oslo både med buss, tog og fly. Kommunen har gode tenestetilbod både for små og store, me har flotte alternativ innanfor idrett og kultur. Du kan boltre deg i symjehallen, vere med i kor, i musikkskulen har dei tilbod til dei aller minste og for den som er litt større er det mellom anna gitar, trommel, bass og biletkunst med meir. Kommunen har ein flott idrettshall der ein kan drive med klatring, fotball, handball, friidrett med meir. Aurland er ei naturperle med høge fjell og djupe fjordar med flotte turar og merka toppturar. Om vinteren er det kort veg til Myrkdalen, Gol og Hemsedal om du vil gå eller stå på ski. Vil du nyte god mat, har vi restaurant, kafe, bryggeri, og bakeri.
Me har ledig1 x 100% stilling i heimebaserte tenester
1 x 100% stilling fordelt på 80% i heimebaserte tenester og helgar ca 20 % på Helsetunet.
Arbeidsoppgåver- førebyggande og rehabiliterande helsearbeid
- yte nødvendig helsehjelp, tilrettelegging og stell
- tverrfagleg samarbeid der brukar har samansette utførdringar/problem
- primærkontakt og koordinere oppgåver knytt til brukar
- jobbar med velferdsteknologi/ kvardagsrehabilitering
- oppgåver delegert frå avdelingsleiar
- samarbeide med sjukepleiar og helsefagarbeidar i utføring av pleieoppgåver
- dokumentasjon i fagsystem etter gjeldande lovverk
Me har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, me er opptatt av fagleg utvikling og det vert gitt høve til kompetanseheving i form av kurs og opplæring.
Me har stort fokus på kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi, du vil få høve til å påverka morgondagensomsorg.
Me nytta også digitale verktøy i oppfølgingsarbeid. Basen vår er sentrumsnært rett ved fjorden.
Det er kort veg til omsorgsleilegheiter, og me nyttar arbeidsbil i arbeidstida.
Kvalifikasjonar- du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar
- du må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- evne til å jobbe sjølvstendig, reflektere, vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner
- det vert lagt vekt på at ein kontaktar brukar med respekt og vere lydhøyr overfor brukar sine ynskjer og behov
- ha IKT kunnskap
- må ha førarkort
Søkjarar utan fagbrev kan tilsetjast på vilkår om å fullføre slik utdanning innan eitt år.
Me søker deg somer motivert til å jobbe innan heimebaserte tenester, er lærevillig, set brukaren i fokus, er strukturert og målretta.
Me arbeider både i team og sjølvstendig, det er viktig at du har gode kommunikasjonsevner og er ansvarsbevisst.
I løpet av ein arbeidsdag møter du mange ulike utfordringar, du bør vere løysingsorientert, og kunne iverksette, følgje opp og avslutte oppgåver.
Me legg vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
- gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen.
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partnar
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Aurland kommune har i 2023 teke avgjerd om at tilsette i tunus skal få auka minstesatsen for laurdags- og søndagstillegg frå kr. 70,- per time til kr 80,- per time.
Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Det blir stilt krav om ny politiattest jf. helsepersonellova.
Krav til språkkunnskapDu må kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2347827
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
96851008-e1ca-4b4b-8459-2179cb5c8157