Hopp til innhold

Vikariat - høgskuleutdanna behandlar

Arbeidsgiver

Indre Sogn psykiatrisenter, seksjon Dag - Helse Førde

Sted

Dalavegen 29, 6856 Sogndal

Om jobben

Stillingstittel
Høgskuleutdanna behandlar
Oppstart
3. august 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. februar

Seksjon Dag ved Indre Sogn psykiatrisenter er det ledig 100% vikariat som høgskuleutdanna behandlar.Arbeidsperiode: august 2026 - august 2027. Tidlegare oppstart kan avtalast. 

Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne DPS delt i seksjon Dag og Døgn. Seksjon Dag er ein psykiatrisk poliklinikk for personar over 18 år. På poliklinikken er vi ei gruppe tilsette med ulik fagleg bakgrunn, og vi har eit godt samarbeid på tvers av kompetanse og funksjon.

Vi tilbyr behandling til personar med ulike psykiske lidingar, rusavhengigheit, straffedømde i fengsel og til eldre med psykiske lidingar og/eller kognitive utfordringar

På poliklinikken har vi faste møter der vi alle er samla for å utveksle erfaringar, informasjon, undervisning og ikkje minst for å legge gode planar for godt sosialt fellesskap.
Vi har tverrfagleg samansette team som gir kvarandre støtte, rettleiing og motivasjon i det kliniske arbeidet.

Vi har gode moglegheiter for kompetanseheving, og organisasjonen vår har fokus på kunnskapsbasert behandling.

Vertskommunen er Sogndal og opptaksområdet vårt har om lag 30 000 innbyggjarar. Kommunane i Indre Sogn er mellom anna kjende for sine bratte fjell og unike natur, som er skapt for ei aktiv fritid: https://www.sogn.no 


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, vurdering og behandling av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit 
  • Behandling ut fra den einskilde pasient sine behov og medverknad
  • Samhandling med pårørande
  • Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
  • Poliklinisk og ambulant arbeid

Kvalifikasjonar

  • Helse-/sosialfagleg bachelorutdanning, med relevant vidareutdanning (eventuelt er du i gang med relevant vidareutdanning per i dag) 
  • Erfaring frå arbeid med psykiske lidingar og/eller rus er eit absolutt krav
  • Førarkort klasse B er ein fordel 
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode samarbeidsevner
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Lyst til å utvikle deg saman med oss

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode mulegheiter for fagleg utvikling
  • Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Trivelig arbeidsmiljø


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

Kontaktinformasjon

Anita Nornes, seksjonsleiar, 47280133
Øyvin Helge Myrmel, Avd.sjef, +47 415 30 396

Arbeidssted

Dalavegen 29
6856 Sogndal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5076164855
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 22.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Øyvin Helge Myrmel

Avd.sjef

+47 415 30 396

Anita Nornes

seksjonsleiar

47280133

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

967dac49-e12b-4f10-884d-08c50a42a03d

Sist endret

6. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d6e5b541e7154796a330a056d0904abb

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Indre Sogn psykiatrisenter, seksjon Dag - Helse Førde

Sted

Sogndal