HJELMELAND IDRETTSLAG - KOMBINERT STILLING SOM AKTIVITETSLEIAR , TRENAR- OG SPELARUTVIKLAR OG ADMINISTRASJONS-SEKRETÆR
Hjelmeland Idrettslag
Ramsbu 37, 4130 Hjelmeland, Hybridkontor
Om jobben
VIL DU VERA POTETA VÅR? Hjelmeland idrettslag er på jakt etter ein allsidig person som kan vera med å utvikla klubben både sportsleg og organisastorisk. Og som har lyst til å jobba for at barn og unge skal ha gode trenings- og fritidstilbud.
Stillingstittel
Aktivitetsleiar, trenar- og spelarutviklar og administrasjonssekretær
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 21. desember
Send søknad til
Hva vi ser etter
Me leitar etter deg som :Har gode samarbeidsevner, omstillingsevne og fleksibilitet, kan jobbe sjølvstendig, strukturert og målretta og som er engasjert, initiativrik og kreativ.
Har gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg, gode digitale ferdigheter og som er eldre enn 18 år.
Arbeidsoppgaver
AktivitetsleiarMe har ope klubbhuset to dagar i veka for barn frå 5. - 7. kl. Her skal dei få mat, og dei skal få vera fysisk aktive og ha det kjekt i lag. Me treng deg som kan vera aktivitetsleiar og organisera dette tilbodet
Me ønskjer å starte opp eit ungdomsklubbtilbod der ungdom frå ungdomsskulealder kan ha ein stad å vera, anten det er i idrettshallen eller på Klubbhuset. Jobben vil vera å administrera dette tilbodet.
Spelar- og trenarutviklarMe ønskjer å vera ein kvalitetsklubb i fotball, og ønskjer deg som kan vera med å utvikle trenarar og spelarar.
OrganisasjonssekretørHjelmeland idrettslag treng også deg som kan ta deg av enkle administrasjonsoppgåver for idrettslaget, som t.d. å sende søknadar om støtte til prosjekt og tiltak, organisera dugnad og aktivitetar og drive informasjonsarbeid.
Vi tilbyr
Me tilbyr varierte og spennande arbeidsoppgåver.
Me gir det mulighet til eit meiningsfullt arbeid der du får vera med å skapa gode aktivitetstilbod for barn og unge.
I denne stillinga vil du kunna bidra til å utvikla Hjelmeland idrettslag både sportsleg og organisatorisk.
Løn etter avtale.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Hjelmeland idrettslag er eit idrettslag som har sin aktivitet i Hjelmeland kommune.
Me har over 400 medlemmer og har treingstilbod innafor fotball, handball og ski. Me driv også med småbarnstrim og litt friidrett.
Me har Klubbhuset vårt ved sentralidrettsanlegget på Hjelmeland.
Mottoet vårt er: Idrettsglede, engasjement og plass til alle!
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2812076
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
964b02a6-1a51-4864-85c5-da26d78912ed