Fast stilling som fagleiar i habiliteringstenesta
Åseral kommune
Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Om jobben
Stillingstittel
Fast stilling som fagleiar habilitering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Fast stilling i 100% som fagleiar i habiliteringstenesta i Åseral kommune. Stillinga er organisert under helse og velferd, og einingsleiar vil vere næraste leiar.
Fagleiar vil ha ansvar for brukarane i tenesta, deira pårørande og tilsette i tenesta. Brukarane i habiliteringstenesta har aukande behov, så det ligg utvikling av tenesta til stillinga, i tillegg til ansvar som barnekoordinator.
Det er tett samarbeid med ulike kommunale tenester inkludert skule og arbeidsliv. Team rundt brukarane kan arbeide på tvers av einingane.
Vi ønsker medarbeidarar som er motiverte til å gjere ein god innsats for denne brukergruppa.
Det er kommunale bustader med fellesareal i sentrum av Åseral. Gode muligheter i nærområde til å utfordre seg med varierte aktiviteter. Habilitering har ein bil til disposisjon, og Frivilligbussen er også mulig å låne.
Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte brukar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, og meistring vert tillagt stor vekt.
Vi vil vere ein attraktiv arbeidsplass med engasjerte og myndiggjorte medarbeidarar.
Vi har et godt samarbeid på tvers av einingane. Dette gjev gode muligheter for personleg og fagleg utvikling, samt sikrer god fagleg kvalitet i eininga.
Arbeidsoppgaver
- Arbeidet vil i stor grad innebere koordinering av tenester, og oppfølging av brukarar, pårørande og tilsette rundt unge brukarar.
- Tilsette i skule og helse arbeider saman for å skape ein kvardag med god struktur og trygge rammer for den enkelte brukar, på skule, i arbeid og i bustad.
- Kvalitetsarbeid, fagutvikling og veiledning.
- Samarbeid med pårørende.
- Utarbeiding av tiltak, prosedyrer og planer, og oppfølging av dette.
- Arbeidsplan vert sett opp i samarbeid med leiar og tillitsvald.
- Arbeid ei helg i månaden kan bli aktuelt.
Kvalifikasjoner
Vernepleiar eller anna relevant helsefagleg høgskuleutdanning.Pedagogisk tilnærming med fokus på meistring, læring, sosial trening og
ADL trening.
Erfaring med autismespekteret og psykiske utfordringar er ein fordel.
Førarkort klasse B
Gyldig politiattest (ikkje eldre enn 3 månadar)
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Personlige egenskaper
AnsvarsbevisstReflektert
Fagleg engasjert
Høg grad av fleksibilitet
Gode kommunikasjons- og samarbeidferdigheter
God skriftleg og munnleg framstillingsevne i tillegg til gode ikt-kunnskaper
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personleg eigenskap til stillinga vil bli lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
Lønn etter lov og avtaleverk, med garantert minsteløn på kr 569.000,- uavhengig av ansiennitet.Gode moglegheiter for kompetanseheving
Gode permisjons- og pensjonsvilkår
Varierte og meiningsfylte oppgåver i samarbeid med hyggjelege og kompetente medarbeidar.
Vi kan hjelpe til å finne bustad
Barnehageplass
Gratis SFO
Ønskjer du å arbeide i eit godt arbeids - og fagmiljø, med mange spanande arbeidsoppgåver håpar me du søkjer jobb hos oss.
https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Laila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd, +47 41322847, Laila.Ljosland@aseral.kommune.noArbeidssted
Gardsvegen 684540 ÅSERAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 4706561039
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2023
Om bedriften
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2481553
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cd376393efc34bd4a1c556eb3283f736