Vikariat på Gvarv skole som naturfags- og mattelærer
Gvarv skole
Tinghaugvegen 1, 3810 Gvarv
Om jobben
Stillingstittel
Lærer - vikariat
Oppstart
16. oktober 2023
Type ansettelse
Vikariat, deltid 70%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Gvarv skole er ein 10-årig skule og har pr. i dag om lag 374 elevar og totalt 60 årsverk. Skulen ligg flott til i eit innbydande uteområde nær Gvarv sentrum. Vi har eit nytt flott skulebygg som vi er stolte av. Gvarv skule er ein hyggeleg og inkluderande arbeidsplass, og vi ønskjer deg velkomen til oss!
Vi har ledig eit vikariat i ca. 70 % som faglærar i naturfag for ungdomstrinnet. Det er også behov for at ein kan undervise noko i matematikk.
Arbeidsoppgåver
- Legge til rette for god undervisning i matte for elevane
- Forstå faget godt, og ha ei utforskande tilnærming til faget
- Sette seg inn i den aktuelle læreplanen for faget
- Skape eit godt miljø for læring og trivsel
- Ansvar for oppfølging og skrive IOP for enkeltelevar
- Samarbeide med andre pedagogar og fagarbeidarar
- Delta på personalmøte og team/trinnmøte
Kvalifikasjonar
Krav til kompetanse
- Godkjent utdanning innafor naturfag og/eller matematikk minst opp til 10.trinn, og/eller pedagogisk utdanning for grunnskole 5.-10.trinn på universitets-/høgskolenivå.
- Anna relevant kompetanse innafor naturfag/matematikk blir vurdert.
- Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 10-9, Barnevernsloven § 6-10. Skal framvisast før oppstart i stilling.
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune skal gjennomførast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker deg som har eit godt elevsyn
- Vi ønsker deg med eit brennande engasjement for elevane
- Vi ønsker deg som har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Vi ønsker deg med god evne til å følgje opp enkeltelevar
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Tine Kvilekval, Rektor, +47 41311050Arbeidsstad
Tinghaugvegen 13810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4709400604
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 16.10.2023
Sluttdato: 31.07.2024
Søknadsfrist: 23.10.2023
Om bedriften
Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2444599
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4b4f8b4d17e74c1280f444d26075e05f