Rådgjevar
Møre og Romsdal politidistrikt
Storgata 43, 6508 Kristiansund N, Strandgata 2, Molde, 6415 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Om stillinga
Vi har ledig eit vikariat som rådgjevar ved støttesenteret for kriminalutsette i Møre og Romsdal til og med 26. februar 2026. Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding. Vi søkjer etter ein engasjert rådgjevar som kan lose borgarar utsett for kriminalitet gjennom straffesaksprosessen. Likar du å jobbe sjølvstendig, er empatisk og har god evne til å arbeide med ulike menneske kan dette vere ei stilling for deg.
Støttesenteret for kriminalitetsutsette skal vareta og bistå dei som er blitt utsett for integritetskrenkande kriminalitet, herunder fornærma utsett for seksuelle overgrep og fornærma i vald i nære relasjonar. Tilbodet inneber psykososial støtte, oppfølging, informasjon og støtte upartisk gjennom heile straffesakskjeda. Primært er dette gjennom samtalar med fornærma og pårørande, men også i drøfting utan at det føreligg melding til politiet.
Støttesenteret driv ikkje med behandling, men skal ha kunnskap om behandlingstilboda i politidistriktet. Det er eit mål å lose den utsette vidare til riktig hjelp. Sjå https://www.politiet.no/kontakt-oss/stottesenter-for-kriminalitetsutsatte/
Arbeidsstad er primært Molde, eller i Kristiansund etter nærare avtale.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å hjelpe andre menneske som av ulike årsakar er utsette for kriminalitet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet.
Evnen til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på.
Arbeidsoppgåver
- Tilby støtte, oppfølging, informasjon og rettleiing gjennom heile straffesakskjeda til offer for integritetskrenkande kriminalitet
- Forhindre ytterlegare integritetstap gjennom straffesakskjeden
- Bidra til å styrke borgarane sin integritet for å bli betre rusta til å gjennomføre avhøyr og bli eit trygt vitne
- Lose voldsutsette vidare til profesjonell hjelp i både kommunalt og statleg hjelpeapparat
- Bidra til auka tilgjengelegheit og betre koordinering i hjelpeapparatet generelt og mellom hjelpeapparat og politi
- Drive fagutvikling og opplysningsverksemd om kriminalitetsoffer
- Bistå med vitnestøtte under rettssak
- Bistå med å søkje voldsoffererstatning
- Administrative oppgåver
- Andre oppgåver etter avtale
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå, eksempelvis innan sosial og helsesektor eller politihøgskule
- Erfaring som klinisk sosionom, eller helse-, sosial,- eller politifagleg erfaring, eller anna relevant erfaring
- Gode evner til å kommunisere munnleg og skriftleg både på norsk og engelsk
- Evne til å bruke fleire digitale plattformar til loggføring og informasjonsinnhenting
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med:
- Erfaring og utdanning i arbeid med familievold, kognitiv terapi, traume, psykisk barne- og ungdomsarbeid eller liknande
- Mestring av andre språk
- Kompetanse på politiet sine datasystem
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og trygg i rolla som rådgjevar og medmenneske
- Evne til samhandling med interne og eksterne aktørar til det beste for fagfeltet og den kriminalitetsutsette
- Løysingsorientert med evne til fagleg å vurdere gode gjennomførbare alternativ i forskjellige situasjonar
- Empatisk med gode evner til å sette seg inn i andre sin situasjon kombinert med fagleg autoritet og varme
- Gjennomføringsevne og evne å ta sjølvstendig ansvar
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande, spennande og meiningsfull arbeidsplass
- Vikariat som rådgjevar, stillingskode 1434, i Møre og Romsdal politidistrikt
- Brutto årslønn frå kr. 575 000 til kr. 685 000
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det trekkast to prosent av lønna til SPK.
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcKontaktpersoner for stillingen
Kjell Arne Hestad
Politiinspektør og næringslivskontakt
+47 92606045
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
959fdfd3-cc4c-4bc9-b9bd-264068ffb2d0
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10255137