Matros i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Horgefjord
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
5244 Fana, 5392 Storebø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Matros i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Horgefjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 23. juli
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ledig stilling som matros i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. traffikert av vår flotte elektriske ferge MF Horgefjord, som blei bygd i 2018.
Fleksibel skiftordning: 2 veker på og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid. Kan verte endringar!
Variert og spennande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag med spanande oppgaver og utfordringar.
Kjekke kollegaer: Bli ein del av eit team med dyktige medarbeidarar.
Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Nok fartstid til å mønstre matros
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg og løysningsorientert matros som trivast med å jobbe i team, og setter sikkerheit og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige eigenskapar. Om dette beskriver deg som person, tek vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund
- Skiftordning: 14 dager på og 14 dager av. Kan verte endringar!
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Treningsmoglegheiter ombord
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Bemanningskoordinator, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
5392 Storebø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4991252142
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9592bf97-9b64-4663-b10a-3fb4a4c7a42b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2e8b8a7e47114d5788e4f3dbddfaa41d