Sjukepleiar
Fys.med sengepost, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
8. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Synes du det høyrast spennande ut å jobbe med rehabilitering, og jobbe i tverrfagleg team?
Vi har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering. Stillinga er i todelt turnus med jobb 3. kvar helg, ein må rekne med noke arbeid på natt.
Sengeposten er ein del av seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som i tillegg til sengepost driv ambulante tenester og poliklinikk. Vi driv spesialisert rehabilitering med pasientar frå heile fylket. Pasientane som får tilbod om spesialisertrehabilitering hjå oss er personer med kompleks fysisk og/eller kognitiv funksjonsnedsetting som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjonar.
Hjå oss får du vere med å spele ei viktig rolle i pasienten sin rehabilitering over tid. Du blir del av eit fagleg sterkt og hyggeleg arbeidsmiljø med fokus på å bygge kompetanse for å sikre god oppfølging av pasientane. Vi arbeider i tverrfaglege team for å finne gode løysinger saman. Kvar pasient har eit tverrfagleg team rundt seg, som består av inntil ni ulike fagprofesjoner.
Vi søker deg som har interesse for å jobbe i tverrfagleg team,og som ønsker du å vere med på å bygge eit fagleg sterkt miljø rundt pasientgruppene. Vi ser for oss at du trivst med aktive arbeidskvardager, er god til å planlegge og ha struktur. Du er fleksibel, har ei positiv innstilling. Den totale sammensetninga i eit tverrfagleg team er viktig, og vi vektlegg derfor personlege egenskaper.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar
- Samarbeid med tverrfagleg team om oppgåver og behandling rundt pasientane
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Du har erfaring og kompetanse frå sengepostarbeid, gjerne erfaring innanfor rehabiliteringsfeltet
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er fleksibel, løysningsorientert og sjølvstendig
- Du er endringsvillig og har evne til å motivere dine kollegaer
- Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Du arbeider systematisk, og har gode arbeidsrutiner
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Rabattavtaler på treningssenter og sportskjeder
- Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og/eller innebandygruppe
Kontaktinformasjon
Gro Westnes Lindin, Ass. seksjonsleiar, +47 70105730, Gro.Westnes.Lindin@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4988199252
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 08.09.2025
Søknadsfrist: 31.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
953ab8d5-b78b-4874-a8e4-51d5d20a33b0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2c41d910f6444bfdb2accd4c753c0101