40 % stilling som barne- og ungdomsarbeider
f.t. ved Ålfoten oppvekstsenter, avdeling barnehage, Bremanger kommune
Ålfotevegen 52, 6737 Ålfoten, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Ved Ålfoten oppvekstsenter, avdeling barnehage, er det ledig ei mellombels 40 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 14.08.25-31.12.25.
Ålfoten oppvekstsenter er eit lite oppvekstsenter med ein barnehage og ein barneskule. I barnehagen har vi ei avdeling, der barn i alderen 1-6 år går saman. Deler av stillinga er knytt til SFO, der skule og barnehage har eit tett samarbeid.
Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagen arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», og vi har valt INKLUDERANDE BARNEHAGAR som fokustema. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til eit trygt og godt leike,- lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Bidra til eit godt samarbeid på oppvekstsenteret, og på tvers av andre tenester
- Bidra til kompetanseheving og nytenking
Kvalifikasjonar
- Godkjent fagbrev
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
- Gode norsk-kunnskaper
Andre med relevant erfaring kan også søkje.
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Kontaktinformasjon
Eldbjørg Aske Myklebust, Driftssjef Ålfoten oppvekstsenter, +47 95985266
Arbeidsstad
Ålfotevegen 52
6737 Ålfoten
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 4987625970
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Søknadsfrist: 06.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Eldbjørg Aske Myklebust
Driftssjef Ålfoten oppvekstsenter
+47 95985266
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9527bb7f-a333-4de1-92a5-80f6f25966de
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f534c9a11d99471dbeecd8eb27e46a74