Systemutvikler
System- og integrasjonsutvikling, Helse Vest IKT
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Professor Olav Hanssens vei 7, 4021 Stavanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Systemutvikler
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 6. august
Seksjonen Utvikling består av omlag 60 høgt kvalifiserte ansatte fordelt på ni team. Vi utgjer eit sterkt og kompetent miljø som er opptekne av å utvikle løysingar for framtidas helsetenester.
Arbeidsstad er Bergen eller Stavanger.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Du har relevant utdanning frå høgskule/universitet.
- Du har erfaring med utvikling (frontend, backend eller fullstack).
- Det er ein fordel om du har kjennskap til og interesse for programvarearkitektur og datamodellering
- Dersom du har kjennskap til eller interesse for skyteknologi er det også eit pluss.
- På same måte som oss har du forståing for at tryggleik, nettverk og infrastruktur er essensielt for eit trygt helsevesen.
- Dersom du er ein pådrivar for smidig metodikk tel det positivt.
- Hos oss går utviklinga føre i tett dialog med våre brukarar. Det er difor viktig med både gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk.
Personlege eigenskapar
- Som alle gode utviklarar har du gode logiske og analytiske evner, er løysingsorientert og jobbar strukturert.
- Du liker å halde deg oppdatert på trendar, utviklingsmetodar og verktøy for moderne systemutvikling og synast fagleg påfyll er givande.
- Du har eit ønske om å levere det brukarane treng, samtidig som du har fokus på at kvalitet vanlegvis varar lengst.
- Du likar å jobbe sjølvstendig, men sett pris på å vere del av eit team.
- Du er oppteken av samhald og erkjenner at ein oppnår meir ved godt teamarbeid enn som enkeltindivid.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
- Jobb i ein bransje som står overfor store teknologiske løft, med høve til å forme IT-løysingar for framtidas helsevesen.
- Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, fagdagar og kurs.
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Merethe Heggset, Gruppeleiar, +47 93007187Svein Espen Sævold, Gruppeleiar, +47 98219584
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4988448772
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Svein Espen Sævold
Gruppeleiar
+47 98219584
Merethe Heggset
Gruppeleiar
+47 93007187
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9521eace-ae21-4061-8b09-f672f0063cc6
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ff144b4719a94f599436d2d98273c5a5