Sjukepleiar/vernepleiar - psykosepost
Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Floravegen 75, 5535 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Vi har ledig 100 % fast stilling på psykoseposten ved vår lokasjon i Haugesund.
Hos oss er det 19 sengeplassar fordelt på to psykoseavdelingar, og du blir ein del av eit sterkt fagleg team med overlege i psykiatri, psykologspesialist og legar under utdanning. Du vil også jobbe saman med erfarne høgskuleutdanna medarbeidarar og helsefagarbeidarar med vidareutdanning.
Miljøterapeutisk arbeid står sentralt i døgnbehandlinga, og vi tilbyr blant anna psykoedukasjon i grupper, turgrupper og fleire andre fellesaktivitetar.
Haugaland DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern og rus og dekkjer kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Våre avdelingar ligg sentralt i Haugesund og på Karmøy.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk no og bli med på laget vårt! 🙌
Arbeidsoppgåver
- Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet, du vil derfor få ansvar for sjukepleiefagleg oppfølging av fleire pasientar og deira pårørande
- Nært samarbeid med aktuelle eksterne instansar
- Opplæring og rettleiing av studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Det er ønskeleg med vidareutdanning innen rus/psykiatri men relevant erfaring kan vektleggas
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskaper og relevant erfaring blir vektlagd
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- arbeidar godt både sjølvstendig og i team
- beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- behandlar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og syner respekt
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Martha-Christin Pedersen, Konsulent, 95062638Katrine Holgersen Warvik, Funksjonsleiar, +47 90766635
Arbeidsstad
Floravegen 755535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4912574145
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.02.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2844352
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2746244bf56b4e49a19e3bf3d9305e0b