Controller/rådgivar
Helse Vest RHF
Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger
Om jobben
Stillingstittel
Controller/rådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
3
Er du god på økonomistyring og brenner for å gjere helsetenestene betre?
Då kan du vere akkurat den vi leitar etter!
I økonomi- og finansavdelinga i Helse Vest RHF får du utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Her kan du sjølv påverke innhaldet i stillinga. Du får sjølvstendige oppgåver, blir ein del av eit dedikert fagmiljø og arbeid saman med dyktige kollegaer.
Vi søkjer fleire nye kollegaer i ulike roller i avdelinga vår. Avdelinga er organisert i fem team - økonomi, finans, inntekt, rekneskap og eit team som er ansvarleg for system, innkjøp og logistikk.
Vi er stolte av å vere i front når det gjeld teknologiske løysingar for analyse og styringsinformasjon, og bruker verktøy som SAP S4 HANA, Power BI og Microsoft 365.
Det beste av alt er at du vil få ein meiningsfull jobb med ei brei kontaktflate lokalt, regionalt og nasjonalt. Vi deler kunnskap og samarbeider tverrfagleg med sjukehusa på Vestlandet, andre helseregionar, departement og fleire andre. Hos Helse Vest RHF forvaltar vi omlag 36 milliardar kroner som blir fordelt til helsetenestene vi har ansvaret for.
Du må rekne med å reise noko i samband med jobben.
Vil du vite meir om Helse Vest RHF?
Arbeidsoppgåver
Sentrale arbeidsoppgåver er
- finansieringsmodellar
- budsjettering
- investeringar, likviditet, lån
- prosjektarbeid
- leverandøroppfølging
- analyse og rapportering
- utarbeide styresaker og saksunderlag
- utvikling og forbetringsarbeid, spesielt knytt til verksemdsstyring
Kvalifikasjonar
Bli med på laget vårt om du har noko (eller alt!) av dette på CV-en:
- tre til fem års erfaring frå økonomistyring
- evne til å arbeide systematisk og planmessig
- lærevillig og har interesse for bruk av ERP/BI-løysingar
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- gjennomføringskraft og evne til å skape resultat
- god formuleringsevne på norsk
- minimum bachelor innanfor økonomi/administrasjon/organisasjon/leiing
Vi tilbyr ein trygg og god jobb med fleksibel arbeidstid, lønn etter avtale, forsikrings- og pensjonsordningar i KLP og eit aktivt bedriftsidrettslag. Og innan utgangen av 2023 flyttar vi inn i nye og moderne kontorlokale i Stavanger sentrum.
MangfaldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Jan Erik Lorentzen, gruppeleiar - inntekt, 415 33 824Synnøve Odden Teigelid, Fung. finans- og økonomidirektør, 997 71 786
Arbeidsstad
Nådlandskroken 114034 STAVANGER
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest RHFReferansenr.: 4641983278
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.04.2023
Om bedriften
Det regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret for sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei sjukehustenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa våre er vi ei av dei største verksemdene på Vestlandet. I overkant av 30 000 medarbeidarar gir spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Vi er om lag 75 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 36 milliardar kroner. I dag har vi kontor på Forus, mellom Stavanger og Sandnes. Vi flytter til heilt nye og sentrale lokale i Stavanger sentrum i 2023.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2295643
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8d0f37c710d04f50b3287ec35d84807a