Ønsker du ein variert og innhaldsrik kvardag? Bli ringevikar i Sævarhagen FUS barnehage!
Sævarhagen FUS barnehage as
5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Sævarhagen FUS barnehage ligg vakkert til ved Hystadmarkjo på Leirvik. Me har stort fokus på barns medverknad inn i gode gruppefellesskap, og jobbar med prosjektarbeid knytta til natur og friluftsliv.
Gjennom satsinga vår «Barnet først!» legg me stor vekt på å legge til rette for god kvalitet for barna i det daglege arbeidet. Me likar å utfordre oss sjølve og vere i utvikling, og er både lærebedrift og lærarutdanningsbarnehage. Gjennom partnarskap med Høgskulen på Vestlandet har me ei aktiv rolle som praksisbarnehage for framtidige barnehagelærarar.
Me har kokk, minibuss og båt som vert aktivt brukt av barnegruppene. Me tilbyr vasstilvenning i basseng for 4-års gruppene og coastering i sjøen for 5-års gruppene.
Me er opptatt av å skapa eit godt arbeidsmiljø og trygge, robuste born. Hjå oss er det godt å høyra til!
Me har eit kontinuerleg behov for vikarar som er fleksible og kan stille på kort varsel. Trivest du saman med barn og vil styre di eiga arbeidstid kan dette vere jobben for deg. Uansett alder og kor mykje ledig tid du har. Ta kontakt for ein prat:)
Arbeidsoppgåver- Delta aktivt i dagleg arbeid
- Bygge gode relasjonar til barna
- Vera ein god vaksen i samspel med barn
- Lika å jobba med born
- Ha personlege eigenskapar som gjer deg eigna til å arbeide i barnehage
- Gode norskferdigheiter jfr krav i barnehagelova
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest
- Ta initiativ
- Vera nysgjerrig
- Forstå arbeidstakarrolla
- Samarbeide med andre
- Ha evne til å etablere god kontakt med born
- Ta imot tilbakemelding og kunne endre eiga åtferd ut frå dette
- Høg trivsel og godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Høgt fagleg nivå
- Fleksibel arbeidstid
- Mykje leik og frisk luft
Me tek imot og vurderer søknadar fortløpande!
Kontaktinformasjon
Kari Vraspillai
Dagleg leiar
Telefon 90 870 663
dl.saevarhagen@bhg.no
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2888045
- Hentet fra
talentech
- Referanse
daf5d7b8d1b349c0bee376de44287645