Hopp til innhold

Helsesekretær 80% fast stilling

Arbeidsgiver

Kommunal legeteneste, Volda kommune, Helse og omsorg

Sted

Stormyra 6, 6100 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Helsesekretær 80% fast stilling
Oppstart
4. mai 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 4. mars

Volda kommune søkjer etter autorisert helsesekretær i 80% fast stilling frå 04.05.26. Andre med relevant helsefagleg utdanning kan også søke. Stillinga er plassert i tenesteområdet helse og omsorg. Arbeidsstaden er ved Volda legekontor.
Vi søkjer etter deg som er arbeidsvilleg, strukturert, sjølvstendig og kan handtere ein hektisk kvardag med varierte oppgåver. Som helsesekretær hos oss blir du ein viktig del av primærhelsetenesta til Volda.

Som helsesekretær er ein tilsett i kommunen, og stillinga omfatter kun dagarbeid. Ein arbeider saman med ti hjelpepersonell og 13 legar.  


Arbeidsoppgåver

-Pasientekspedisjon og pasientadministrasjon
-Sentralbordfunksjon
-Laboratoriearbeid
-Skiftestovearbeid
-Anna forefallande arbeid
-Bidra med å bygge og vedlikehalde eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

-Autorisert helsesekretær / andre med relevant helsefagleg utdanning kan også bli vurdert.
-Erfaring frå legekontor vil bli vektlagt.
-Personlege eigenskapar – empatisk, tolmodig og med positiv innstilling, som trivst med personleg kontakt og kan bygge tillit blant pasientar.
-Sterke munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
-Gode IT-kunnskapar og evne til å lære nye fagsystem.
-Det er ønskeleg med akuttmedisinkurs, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Som helsesekretær bør du like å møte nye mennesker. Du må vere flink til å kommunisere både skriftleg og munnleg, kunne arbeide sjølvstendig, ha serviceinnstilling og samarbeidsevner. Du må også vere nøyaktig og kunne takle eit høgt arbeidstempo og uforutsette hendingar.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Vi tilbyr

-Godt arbeidsmiljø
-God internopplæring i arbeidsoppgåvene
-Lønn etter utdanning og kvalifikasjonar
-God pensjonsordning
-Variert og innhaldsrik arbeidskvardag

Kontaktinformasjon

Sølvi Hovdenakk, Seksjonsleiar Volda legesenter, +47 41560248

Arbeidsstad

Stormyra 6
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5080938279
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 04.05.2026
Søknadsfrist: 04.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Sølvi Hovdenakk

Seksjonsleiar Volda legesenter

+47 41560248

Om bedriften

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

94d40d72-5d32-49fc-902d-fd2292419b6e

Sist endret

18. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0900fc6a176442db90b3f5211b95fd93

Lignende annonser