Rektor Ostereidet ungdomsskule
Alver kommune
Eidavegen 574, 5993 Ostereidet
Om jobben
Stillingstittel
Rektor Ostereidet ungdomsskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. oktober
Om stillinga
Me søkjer ein engasjert og dyktig rektor til skulen vår. Me ser etter ein lærande og engasjerande leiar som har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. Som rektor har du det overordna ansvaret for skulen si pedagogiske og administrative leiing.
I Alver kommune har rektor eit heilskapleg ansvar for innhald og drift ved skulen. Du samarbeider jamleg med andre skuleleiarar i kommunen og rapporterer direkte till tenesteleiar for skule.
Felles visjon for skulane er; Ein plass for alle – læring og meistring i fellesskap.
Om Ostereidet ungdomsskule
Ostereidet ungdomsskule er ein MOT-skule med rundt 90 elevar. Vårt hovudmål er å byggje ein trygg og inkluderande skulekvardag der alle elevar blir sett og høyrt. Her møter du eit engasjert kollegium og ei aktiv foreldregruppe som saman skaper eit støttande og godt miljø.
Arbeidsoppgåver
Alver kommune har høge ambisjonar på vegne av oppvekstsektoren, og alle tilsette skal arbeide for å nå den overordna målsetjinga vår i kommundelplanen: "Trygge barn som deltar, meistrar og lærer."
Som rektor skal du også ha ansvar for:
- Utvikle skulen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap
- Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
- Forvaltning og kvalitetsutvikling.
- Økonomistyring og resultatkontroll.
- Samspel med elevar, foreldre og nærmiljø.
- Tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst.
Kompetanse
- Opplæringslova sine krav om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må vere
oppfylt. - Utdanning og erfaring i skuleleiing er ønskjeleg.
- God system- og rolleforståing
- Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
- Fagleg oppdatert om skuleutvikling og læreplanar
- Ønskjeleg med undervisningserfaring frå grunnskulen
- God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor budsjettrammene
- Ønskjeleg med god kjennskap til lov- og avtaleverk og personalleiing
Kven er du?
- Du er tydeleg og synleg i møte med elevar, tilsette og foreldre
- Du har gode samarbeidsevner, og er løysingsorientert
- Du trivs med å jobbe strategisk og langsiktig med gjennomføringskraft innan blant anna LK20 og inkluderande skulemiljø
- Du er ein god relasjonsbyggar, som kan motivere og inspirere elevar og tilsette.
- Du kan legge til rette for innovasjon og nyskaping
Er du målretta, initiativrik og har eit sterkt engasjement for skuleutvikling? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Me tilbyr
- Eit fagleg dyktig kollegium.
- Eit godt profesjonsfelleskap blant skuleleiarar
- Ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
- Leiaropplæring
- Løn etter avtale basert på utdanning og røynsle
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidreg til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I oppvekst arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med opplæringsl § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ostereidet ungdomsskule ligg aust i Alver kommune, ved Osterfjorden. Me har nærleik til skog og mark, fjell og sjø. Skulebygget er frå 1964, med eit påbygg frå 1998. Skulen har idrettsbygg som inneheld svømmebasseng og gymsal. På uteområdet har me løpebane, volleyballbane og basketball ved hovudinngangen, samt bordtennisbord både inne og ute. Me har òg fotballbane og sandvolleyballbane ved skulen.
Du kan lese meir om skulen her
Innomhus har me stort musikkrom med scene og lyd-og lysanlegg. Me har også eit rikhaldig kostymelager. Me har sløydavdeling og kunst-og handverksrom.
Hausten 2025 har skulen 6 klassar med til saman 101 elevar. Elevane våre kjem frå barneskulekrinsane Eikanger og Ostereidet. F.o.m neste skuleår gjeld dette Leiknes skulekrins også. Det er 16 tilsette på skulen dette skuleåret.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
94a7366b-c368-4e96-9f33-ce0a44c6d721
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264422