Seniorkonsulent ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Universitetet i Bergen
Sydnesplassen 7, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Seniorkonsulent ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorkonsulent- Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)
Velkomen som søkjar til eit ledig vikariat i 100 % stilling som seniorkonsulent (studie/eksamenskonsulent) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Vikariatet er ledig frå 15. februar 2026 til 30. juni 2026 med moglegheit for forlenging.
Om instituttet
LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap, digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 80 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar og17 personar knytte til administrasjonen. Studiegruppa består av åtte tilsette med studieleiar som koordinator. Administrasjonssjef er personalansvarleg.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga har varierte oppgåver innan studieadministrasjon, med hovudområda:
- planlegging og avvikling av eksamen og undervisning
- kontakt med fagmiljøet ogsærlegfagkoordinatorar
- rettleiing, mottaking og oppfølging av studentar
- studieplanarbeid
- oppfølging av utdanningsplanar og masterkontraktar
- kontakt med interne og eksterne sensorar
- sekretær for programstyre
- informasjons- og rekrutteringsarbeid
- ymse sakshandsaming
- rutineutvikling og deltaking i fagleg-administrative nettverk
Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet.
Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrativ oppgåver enn dei som i utgangspunktet ligg til stillinga.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Mastergrad eller anna utdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Lang, relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både nynorsk og bokmål, og dessutan engelsk, er naudsynt.
- Erfaring med studieadministrasjon, eksamensadministrasjon og undervisningsplanlegging er ein føremon.
- Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og offentleg forvaltning er ein føremon.
- Relevant IT-/systemkunnskap (til dømes FS, Elements, Inspera) er ein føremon.
- Interesse for– og gode evner innan rettleiing og sakshandsaming vert vektlagt.
Personlege eigenskapar:
- Evne til å vere nøyaktig og merksam på detaljar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, initiativ, fleksibilitet og sørvisinnstilling
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
- Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress
Personleg eignaheit vil bli vektlagt i vurderinga.
Hos oss får du:
- Moglegheit til å byggje sterke nettverk på tvers av einingar.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag, med fleksitid, sommartid frå mai til september, og moglegheit for heimekontor etter avtale.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving.
- Løn som seniorkonsulent (1363) med ei brutto årsløn på 586 100,- til 625 000,- avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Ei stor kontaktflate i organisasjonen.
- Erfarne kollegaer som deler kunnskap.
- Gode velferdsordningar, mellom anna ulike kultur- og idrettstilbod inkludert moglegheit til trening i arbeidstida.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga, og om erfaringar og eigenskapar du meiner er særleg relevante.
- Under «CV»,oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar.
- Språkferdigheiter.
- Minst to referansepersonar. Ein av desse bør vere nåverande eller tidlegare overordna.
- Under «Vedlegg» lastast følgjande opp som separate dokument:
- Karakterutskrift og vitnemål lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, lastast dei opp som vanlege filer.
- Relevante attestar som dokumenterer dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar.
Søknadstekst og CV må vere på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Nærare om tilsettingsprosessen her.Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til studieleiar Signe Nilssen ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, på telefon 55 5888 23 eller, e-post: signe.nilssen@uib.no.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
949aa4e0-ae3d-431b-b59d-5c01defc02d7
- Sist endret
30. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10279606
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen