Platform Engineer -- Bli med på å byggje vår neste generasjons plattform!
HIGHSOFT AS
Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Platform Engineer
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Lengtar du etter å byggje noko nytt -- frå botnen av -- og faktisk ha påverknadskraft?
Lengtar du etter å bygge noko nytt -- frå grunnen av -- og faktisk ha påverknadskraft? Kanskje har du nokre års erfaring med infrastruktur og vil ta eit steg vidare, lære meir og få jobbe med folk som verkeleg kan faget? Då har vi ein plass til deg!
Kva går jobben ut på?
Hos Highsoft får du moglegheita til å forme, bygge og optimalisere plattformer med dei nyaste skybaserte teknologiane. Vi er eit selskap med lidenskap for datavisualisering og tilgjenge (A11Y) -- og med Highcharts har vi allereie sett vårt preg på verda. No satsar vi for fullt på ein framtidsretta infrastruktur, og vi treng ein Platform Engineer som kan vere med å bygge ein stabil, fleksibel og moderne plattform -- og samstundes utvikle seg sjølv.
Du treng ikkje kunne alt -- vi tilbyr opplæring, kurs og tett samarbeid med seniorutviklarar. Det viktigaste er at du har noko relevant erfaring anten frå jobb eller studiar, trivst med infrastruktur og har lyst til å bli skikkeleg god.
Kanskje har du vore med å halde hjula i gang på ein eksisterande plattform, eller fått kjenne på avgrensingane i system andre har bygd? Her får du moglegheita til å vere med frå starten -- bygge noko nytt, forme løysingane og ta tekniske val som faktisk betyr noko. (Jada, vi veit vi bygger morgondagens tekniske gjeld -- men det tek vi stilling til seinare.)
Kva går jobben ut på?
💻Techstack: Docker, Kubernetes, Terraform, AWS, Cloudflare, ArgoCD, Grafana, Prometheus, Envoy, Kyverno (du treng ikkje kunne alt -- vi lærer deg det du ikkje har rukke å teste enno!)
-
Drifte og vidareutvikle ein plattform som skalerer etter behova til utviklingsteamet vårt 🚀
-
Automatisere alt frå oppsett av infrastruktur til utrulling, overvaking og varsling 🤖
-
Sørgje for stabilitet, oppetid og kvalitet i leveranse -- fordi ingen likar nedetid! 🔍
-
Overvake og optimalisere AWS og Cloudflare for å sikre at produkta våre køyrer smooth 🌍
-
Samarbeide tett med utviklarar og eksterne leverandørar for å sikre ei robust, trygg og fleksibel plattform 🤝
-
Alltid ha sikkerheit i bakhovudet -- beskytte systema våre mot truslar og sørgje for at data og tenester er trygge 🔒
-
Vere med å forme arkitekturen for plattforma vår -- vi gir deg tillit og spelar deg god 🔧
Kven er du?
Du har kanskje jobba nokre år med plattform, DevOps eller infrastruktur -- eller du er i starten av karrieren og har fått smaken på det. Kanskje har du vore borti Docker, Kubernetes, Terraform eller AWS, og vil lære meir. Uansett, til denne stillinga tilbyr vi ei opplæringspakke, som gjer at du vil få ein flygande start uansett kvar du er i teknologiverda.
Det viktigaste for oss er at du er nysgjerrig, bygger system som funkar, og likar å lære saman med andre.
Vi ser for oss at du:
-
Har noko erfaring med containarar, sky eller infrastruktur som kode
-
Er oppteken av stabile, effektive og ryddige løysingar
-
Likar å halde deg oppdatert og utforske ny teknologi
-
Er ein god lagspelar som tek ansvar og deler kunnskap
-
Du likar å effektivisere og forenkle tidstjuvar
Kva får du hjå oss?
I Highsoft jobbar du i eit miljø prega av samarbeid og raske avgjerder, omgitt av dyktige kollegaer som brenn for faget sitt. Vi sørgjer for at du får vekse -- både i rolla og som fagperson -- med støtte frå teamet og rom for utvikling. Her får du ein unik kombinasjon av global innverknad og lokal sjarm.
🧠 Opplæring og utvikling -- du får ein erfaren mentor og tilgang til kurs
🏔 Eit trygt, godt og sosialt arbeidsmiljø
🏡 Hybrid- og fleksibel arbeidskvardag -- vi trur på fridom under ansvar
🎯 Ein arbeidsplass med ein uformell tone -- dartkampar og fjellturar inkludert
🚀 Kort veg frå idé til handling -- her er det låg terskel for å teste og feile
Høyrest dette ut som ein plass for deg?
Vi håpar du har lyst til å jobbe frå hovedkontoret vårt i vakre Vik i Sogn! Vi møtest der minst to dagar i veka, og resten av tida kan du jobbe heimefrå eller frå kontoret vårt på RocketHouse i Sogndal. For den rette personen kan vi òg vurdere kontorplass på tech-huben vår i Media City Bergen.
Send oss ein søknad, eller ta gjerne kontakt med Jørgen Tistel på tlf. 971 32 057 for ein uformell prat om du vil høyre meir om stillinga -- vi likar folk som tek initiativ!
Vi vurderer søkjarar fortløpande, så ikkje vent for lenge med å sende inn søknaden din. Absolutt siste frist er 10. august.
Er du klar for å ta styringa, lære meir og bygge noko skikkeleg bra? Då er dette di moglegheit! 🚀
Om bedriften
Vi er et selskap med røtter i Vik i Sogn, mellom høye fjell og dype fjorder. Likevel er vi markedsledende innen datavisualisering på nett, med over 80 av verdens største selskaper som kunder.
Vi lager Highcharts -- verktøyet som forvandler tall og data til kule, interaktive grafer som faktisk gir mening. Enten det er på børser, nyhetsnettsteder eller dashboardet til en global gigant, så er det stor sjanse for at det er vi som står bak visualiseringen.
Eventyret startet i 2009 med Torstein, som ville vise snødybden på Vikjafjellet på hjemmesiden sin. Nå er Highcharts i bruk verden over, og vi fortsetter å utvikle oss -- med utsikt til fjorden og en kaffekopp i hånda.
Vi er en god gjeng bestående av rundt 50 Highsoftere fra 14 land, og i tillegg til hovedkontoret i Vik har vi også tilhold i tech-huben Media City Bergen -- midt i smørøyet for teknologi og innovasjon.
Hos oss finner du flat struktur, høy takhøyde og mye latter -- enten det er rundt dartskiven, på fjelltur eller over en kaffe i Stova. Vi tror på samarbeid, kvalitet og åpenhet -- og at trivsel gir bedre resultater.
Men vi bryr oss om mer enn bare teknologi. Highsoft er Miljøfyrtårn-sertifisert, vi er med i FNs Global Compact, og vi jobber aktivt med å bidra til FNs bærekraftsmål.
Alle våre verktøy er også bygget med universell utforming (A11Y) -- fordi vi mener at alle, uansett bakgrunn eller forutsetninger, skal kunne forstå og bruke dataene.
Så ja -- vi lager noen av verdens mest brukte grafverktøy, og vi gjør det med hjertet, hodet og utsikt til fjell og fjord 💫
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
948c6143-e430-421b-be4c-d5baf654c316
- Hentet fra
FINN
- Referanse
415903696